DEBATT: SV støttar kvinners kamp for sjølvbestemt abort

Av
DEL

Meiningar 

Det er ikkje til å komme frå at kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp er blitt innskrenka som følge av regjeringspartia sitt kompromiss i abortspørsmålet. Men at retten til sjølvbestemt fosterreduksjon blir fjerna er ikkje eit resultat av at fleirtalet av befolkninga, eller stortingspolitikarar, ønskjer det.

Det er heller ikkje eit grep som vil føre til færre abortar. Nei, det er rett og slett det som skulle til for å bevare den borgarlege makta. Erna Solberg si regjering har redusert kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp! Det bør føre til full mobilisering i årets 8. mars-tog.

For SV er det soleklart at vi støttar kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp, også når det kjem til spørsmål om fosterreduksjon. Dei svært få som kjem til den avgjersla at den beste løysinga er å fjerne eit av fleire foster bør møtast med respekt, ikkje mistillit.

Det kan sjå ut som KrF er på veg inn i den politiske solnedgangen. Det handlar ikkje om fordommar mot konservative kristne, som nokre i KrF og i regjeringsapparatet prøver å påstå. Dette er ei fleirtalsregjering på kollisjonskurs med fleirtalet. Nordmenn flest er rett og slett meir progressive, meir liberale og meir likestilte enn den nye fleirtalsregjeringa står for! I fleire tiår har veljarar faktisk vist seg vel så progressive som Stortinget både når det gjeld asyl og innvandring, likestilling og bioteknologi.

SV støttar kvinnene sin kamp for sjølvbestemt abort, og retten til å bestemme over eigen kropp!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags