Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kva, gjer barnevernstilsette opprør? Frå den kanten er det ofte stille, teie- og lojalitetsplikt legg gjerne lokk på at sosialarbeidarar ytrar seg i det offentlege rom. Kanskje bør politikarane nettopp då lytte til dei tilsette som jobbar der ute og kjenner problematikken på kroppen! Dei varslar om at mange barn og unge ikkje får den hjelpa dei treng.
Eg helsar difor #heierna-kampanjen velkommen! Endeleg eit tydeleg og nasjonalt varsku frå barnevernstilsette som seier at nok er nok! Til slutt er det barna som blir skadelidande når bekymringsmeldingar blir liggjande for lenge!
Fellesorganisasjonen (FO) er eit fag- og profesjonsforbund for mellom andre barnevernspedagogar og sosionomar som er tilsett i det kommunale barnevernet. Som fylkestillitsvalt i FO har eg sett kor stort ønskje dei tilsette i barnevernet har til å bidra til at barn får ein best mogleg oppvekst. Det er tilsette med god kompetanse og eit stort engasjement for jobben dei gjer.
Vi ser dessverre at høgt arbeidspress, mangel på tid til kvar enkelt barn og familie, nye dokumentasjonskrav, bakvaktsordningar og stadig nye bekymringsmeldingar som du må handtere, bidrar til at motivasjonen og det engasjementet den enkelte saksbehandlar har forsvinn. Difor må vi seie ifrå! FO sin yrkesetikk krev det!
Vi ser at til trass for at vår nye barne- og familieminister er godt fornøgd med tal nye stillingar i barnevernet, er tenesta framleis underfinansiert. Det har over år vore ei auke på barn og familiar som treng hjelp, fleire oppgåver er gjeve tenesta, samt regjeringa sine ambisjonar for eit barnevern på barna sine premissar. Dette vil krevje auka ressursar utover dagens finansiering om alle skal få hjelp. I 2017 var det 55.700 barn som fekk tiltak frå barnevernet, det er 2 prosent auke frå 2016.
Å spare ved å halde låg bemanning i barnevernet er difor svært dårleg samfunnsøkonomi og vil truleg ikkje bidra til så mange suksesshistorier som statsministeren ønskjer. FO meiner at å sørge for ein trygg barndom for alle er den beste investeringa vi som samfunn kan gjere. Barn og unge som står godt rusta til å møte eit framtidig vaksenliv, gir også store økonomiske gevinstar for samfunnet. Det er dokumentert kunnskap.
Kva gjer barnevernstilsette så opprør mot?
Jo, dei ønskjer fleire stillingar slik at dei skal ha ein sjanse til å gjere jobben sin på ein god måte. Dei tilsette i tenesta er avhengige av å få ein god og tillitsfull relasjon til dei som skal hjelpast. Til det trengst både høg fagleg kunnskap og nok tid.
FO er uroa for rammene og arbeidspresset mange tilsette i barnevernet jobbar under. Overarbeidd i barnevernet går utover barn som treng hjelp. FO ber difor regjeringa sette eit makstal for kor mange barn ein tilsett i barnevernet kan ha ansvar for, slik det er i barnehage og skule.
Vår anbefaling er at kvar kontaktperson i barnevernstenesta ikkje bør ha ansvar for meir enn mellom 9–15 barn, men vi høyrer om at dei kan ha ansvar for mellom 30–40 barn samtidig. Då blir det ikkje mykje tid til det enkelte barn–og truleg må nokon prioriterast bort. Kanskje burde saksbehandlarane overlate til leiing og politikarar å ta desse prioriteringane!
Vidare ønskjer barnevernstilsette at kommunane skal få øyremerka midlar for å kunne auke tal stillingar i det kommunale barnevernet. Vi veit alle at mange kommunar slit med dårleg økonomi og må prioritere hardt mellom ulike nødvendige tenester til sine innbyggjarar. Brukargruppa av barnevernstenester er ikkje dei som ropar høgast.
Vår nye barne- og familieminister Ropstad seier han vil vurdere krav til kompetanse for dei som jobbar i barnevernet. Det er vi sjølvsagt glade for. Dei to einaste utdanningane som fullt ut kvalifiserer til å jobbe i barnevernstenesta er barnevernspedagog og sosionom. Likevel er det i dag opp til kvar kommune å velje kven dei tilset. Slik kan det ikkje vere! Det blir nett som vi seier at lærar ikkje kvalifiserer til å jobbe som pedagog i skulen. Og nettopp som lærarane må det bli sett av tid til etterutdanning, faglege refleksjonar og rettleiing for dei barnevernstilsette.
Det må også leggjast til rette for at barnevernstilsette har høve til å prioritera kompetansehevinga som regjeringa skal satse stort på. Elles vil dei berre legge endå ei bør på skuldrene til dei tilsette og endå færre på jobb. Skal dei då prioritera kompetanseheving eller barna?
FO ønskjer vidare at det blir innført ein autorisasjonsordning for tilsette i barnevernet, på lik linje med det helsetenesta har. Vi meiner det er på høg tid no med autorisasjonsordning for sosionomar og barnevernspedagogar. Dette vil bidra til betre kvalitet, auka tillit og profesjonalitet i tenestene. Eg skjønner ikkje at det skal vere politisk uvilje til å få dette på plass.
Saksbehandlarar i barnevernstenesta har ein av dei viktigaste jobbane i samfunnet, men opplever å stå åleine når tenesta kritiserast for å svikte barna. I staden for at politikarar og leiing tar ansvar for den kritiske situasjonen barnevernet er i, ser vi at ansvaret blir flytta nedover til den enkelte tilsette.
FO etterlyser difor politisk vilje til å gje gode nok rammer og kapasitet for å sikre eit kvalitativt godt barnevern.
I tillegg til lovfesting av ansvar, kompetanse og ei rettleiande bemanningsnorm, er vi difor avhengig av at barnevernstenesta generelt blir tilført langt fleire ressursar. Kor mange fleire barn, foreldre og tilsette må lide under politikarane si ansvarsfråskriving før vi får eit krafttak for barnevernstenesta som monnar?
Vi i FO ser kva for politiske parti som støttar dei barnevernstilsette sitt opprør, samt klarer å sjå og handle ut ifrå at fleire stillingar i barnevernet vil bety ein forskjell både for brukarane og dei tilsette!