Etter det siste trygdeoppgjeret kan vi trygt slå fast at pensjonistane er lurt igjen.

Trygdeoppgjeret er eit hån mot pensjonistane.

For fjerde året på rad regulerast pensjonane lågare enn lønnsveksten.

Ein pensjon på 250.000 kroner i 2014 har tapt kjøpekraft tilsvarande 24.000 kroner i tidsrommet 2015–2018.

Dette kan vi ikkje finna oss i.

No må vi pensjonistar samla oss og engasjera oss mot uretten.

Eit anna område som krev at vi engasjerer oss er innanfor helse og omsorgssektoren. I fleire kommunar kan vi sjå at budsjetta til dei eldre og hjelpetrengande ikkje har hatt noko reell auke, men heller stagnasjon og nedgang dei siste åra.

Grunnbemanninga er altfor låg og går ut over omsorga dei tilsette kan gje til pasientane. Den låge grunnbemanninga og dei pressa arbeidsvilkåra medfører og til at sjukefråveret er skyhøgt i somme grupper.

Mat er kultur heiter det, men det gjeld nok ikkje dei sjuke og dei eldre. I mange kommunar har kjøkenet i årevis blitt ein salderingspost. Vi høyrer stadig om eldre som lir av underernæring grunna blant anna dårleg matlyst.

Det skortar og på nok institusjonsplassar i mange kommunar. I kampen om midlane blir pensjonistane ofte taparane. Det byggast ikkje nok omsorgs- og sjukeheimsplassar. Når eldrebølgja slår inn, så vil gapet berre bli større og større.

Når vi og ser at det heller ikkje blir retta opp i uretten i avkortinga i pensjonane til ektepar, då er det på høg tid å reisa eit pensjons- og eldreopprør.

I fleire kommunar på Vestlandet blir det no skipa lokallag av Pensjonistpartiet for å ta kampen opp mot denne uretten. Pensjonistar og dei trygda finn seg ikkje lenger i prioriteringane. Nok er nok.

I Sogn og Fjordane er det så vidt meg kjent ikkje noko organisert Pensjonistparti. No er tida inne til å engasjera seg. Bli med og kjemp for våre rettigheiter du også, ingen andre gjer det. Ta kontakt om du vil bli med.