Eit sterkt, mangfaldig og konkurransedyktig næringsliv er avgjerande for å oppretthalde eit berekraftig velferdsnivå i framtida. Difor er vi nøydd å halde fram med å utvikle gode rammevilkår og eit skattesystem som stimulerer til bedriftsetableringar. Norsk næringsliv består per dags dato av eit mangfald av små- mellomstore og store bedrifter som konkurrerer både globalt og nasjonalt. Difor må vi tilpasse og sikre rammevilkår som er tilpassa den einskilde bedrift.

Det vil også vere viktig å føre ein framtidsretta næringspolitikk, der vi legg til rette for verdiskaping og vekst i privat sektor, lønnsame arbeidsplassar og gje rom for å kunne tilpasse seg ein marknad i rask endring. Vi kjem til å legge til rette for og satse mykje på kompetanseauke, forsking og innovasjon. Dette skal vere med på å legge grunnlaget for vidareutvikling av eksisterande næringsliv og gje grunnlag for etablering av nye arbeidsplassar og verdiskaping. Igjen vil dette forhåpentlegvis vere med på å understøtte eit berekraftig velferdssamfunn i framtida

Det er viktig å bygge ein robust næringspolitikk og legge til rette for bruk av verkemiddel som kan fremje innovasjon og nyskapning, og som støtter opp om dei beste prosjekta gjerne på tvers av ulike sektorar. Noreg er rik på naturressursar som har gjeve og vil gje grunnlag for aktivitet, innovasjon og næringsutvikling i heile landet i lang tid enno.

Desse ressursane må takast i bruk på ein berekraftig måte og ikkje minst gje grunnlag for lønnsame arbeidsplassar. Noreg er nøydd til å føre ein industri- og næringspolitikk som legg til rette for å utnytte landet sin naturgitte føresetnad og sterke teknologi- og kompetansemiljø. Med dei rette føresetnadane kan Noreg verte ein av dei leiande i Europa når det gjeld innovasjon. Det må vere til alle sin interesse at det vert lagt til rette for at det skal vere enkelt og ubyråkratisk å starte nye bedrifter, slik at ein får eit velfungerande arbeidsliv.

Harald Nyland

2. fylkesnestleiar for Sogn og Fjordane Unge Høgre

Fjaler

Følg på: Facebook

 

Kommunen og offentlege organ må også ha ei sentral rolle, der dei kan legge forholda til rette for både eksisterande verksemder og nyetablerte. Etablerte og ny etableringar skal oppleve offentlege organ som ein samarbeidspartnar for næringslivet. Det skal då ligge eit insentiv der slik at lokalsamfunnet skal få behalde ein større del av verdiskapinga som skjer lokalt enn i dag.

Det handlar om å sikre framtidig velferd til våre kommande generasjonar, difor er det viktig at vi legg til rette for dette. Noreg har ikkje råd til at stadig fleire står utanfor arbeidslivet, spesielt ikkje dei som er under 30 år. Derfor har vi foreslått 60 millionar kroner til innføring av aktivitetsplikt for mottakarar som er under 30 år.

Solberg-regjeringa satsar sterkt på å få eit effektivt og velfungerande næringsliv. Vi har lagt fram mange tiltak for å gjere det enklare for gründeren, som til dømes redusering og fase ut formuesskatten på arbeidande kapital, for å styrke norsk eigarskap til norske arbeidsplassar, samt auke botnfrådraget og på lengre sikt fjerne formuesskatten.

Ikkje kritiser den som tør å satse – hei dei heller fram.