No er problemet løyst. Trafikken går etter kvart som normalt, men det vil bli nokre forseinkingar utover dagen, skriv Avinor i ei pressemelding klokka 06.21.
Feilen låg utanfor Norge og førte til svært avgrensa kapasitet i flytrafikken. Alle avgangar og framkomstar vart stansa inntil vidare, skreiv Avinor i ei pressemelding fredag klokka 05.08.
Avinor ber passasjerar om å ta omsyn til denne informasjonen, i tillegg til informasjonen dei får frå sitt flyselskap.
Widerøe opplyser at flyet frå Førde til Bergen klokka 09.35 har berekna avgang klokka 10.05, og flyet frå Bergen-Florø til Førde klokka 09.20 er berekna å landa klokka 09.50.