– Det er ei veldig god kjensle. No slepp vi å gå i gløymeboka.

Det seier Andreas Ramstad frå Dale. Han og gruppa Jubelhornet gir no ut ei plate med visesongar, der alle tekstane er verk frå den kjende Dale-poeten Jakob Sande.

Plata er tatt opp i 1995, og musikarane visste ikkje at dei spelte den inn.

Smugopptak frå 1995

Det er ikkje på grunn av ein fuktig rockelivsstil at musikarane ikkje visste at dei spelte inn albumet. Opptaket er nærmare bestemt frå ein turnékonsert som dei heldt i aulaen på Firda VGS på Sandane i 1995.

Under konserten gjorde lydmannen Ivar Rønnekleiv opptak utan at musikarane visste det. Fleire år seinare brente han ut opptaka på

nokre CD-ar til musikarane, og sidan har fleire spurt etter plata, for opptaka var gode, fortel Ramstad.

Grunnen til at opptaka blir gitt ut som CD så lenge etterpå, er opphavsrett.

– Då vi spelte konsertar tidlegare, var det mange som spurde etter CD-ar eller kassettar, men det hadde vi aldri. Vi hadde ikkje løyve til å bruke Jakob Sande-dikta. Meg fortalt var det først kona og sidan dottera til Jakob Sande som sette seg imot, seier han.

I fjor skreiv Ramstad eit brev til Siri Sande, dottera til diktaren. Han spurde om løyve til å gi ut plata, fortalde kven han var og kvifor han ville gi ut plata. Då gav ho klarsignal.

Platesleppen skal skje i Trudvang i Dale den 5. november. Det blir ein konsert der både noverande og tidlegare medlemmar av Jubelhornet er med. Ramstad lovar ein konsert som vil falle i smak hos alle.

– For oss er dette veldig stort. Eit av hovudmåla mine har vore å hindre at Sande-visene i Jubelhornet si form skal gå i gløymeboka. No er det ein sjanse for at melodiane våre kan bli spelt og brukt i framtida, seier han.

Begynte som Jakob Sande-revy

Jubelhornet har bakgrunn i Dale ungdomslag, som spelte Jakob Sande-revyar på 80-talet. Revyen var ein suksess, og blei vist 24 gongar i løpet av nokre år. Jan Haugen var igangsettar, pådrivar og aktør, medan Jørgen Alisøy var orkesterleiar og musikalsk arrangør.

Etter glansperioden med revyane kom visegruppa til. Det har vore noko fråflytting på damesida, og nye har komme til. I dag består gruppa av Jørgen Alisøy, Jan Haugen, Hallvard Arstein, Andreas Ramstad, Joy Taylor og Anne-Hilde Skadal.

På CD-en frå 1995 er karane dei same, men damene er Eli Bjørhusdal og Ane Persdotter Østby.