Gå til sidens hovedinnhold

Dagbladet: Volleyballstjerna Anders Mol (23) er koronasmitta

Sandvolleyballspelaren Anders Mol (23), som har anar frå Naustdal, skal ha testa positivt for koronaviruset. Det melder Dagbladet onsdag ettermiddag, og viser til ei pressemelding frå Norges Volleyballforbund.

Han skal ikkje ha symptomar, og vil teste seg på nytt for å vere heilt sikker på at han faktisk er smitta.

Nyleg vann han og makkeren Christian Sørum to turneringar i Mexico.