Då politiet kom for å sjekke bråk, kom mannen med drapstrussel

DEL

Det var i oktober i fjor at politiet vart kalla ut grunna klage om støy frå ei leilegheit i Førde.

Då politiet kom fram, nekta mannen som budde i huset å opne døra. Ifølgje politibetjentane skal mannen ha sagt: «Om de kjem inn, så skal eg drepe dykk!».

Han skal også ha skrike nedsetjande ord mot den kvinnelege politibetjenten.

Til slutt låste politiet seg inn, men då skal mannen ha møtt dei med kniv og heva den over hovudet deira.

Mannen hadde også vore utagerande tidlegare på dagen.

Politiet vart nemleg tilkalla av eit av kjøpesentera i Førde, fordi den tiltalte var rusa og høgrøysta. Då politiet kom, ropte mannen fleire skjellsord til dei.

Han vart tatt med til politistasjonen, men då dei skulle gå ut av bilen skal han ha spurt politibetjentane «om han skulle sparke dei i hel».

No har statsadvokatane i Hordaland og Sogn og Fjordane tiltalt mannen for truslar og forulemping av politiet. Mannen i 50-åra må difor møte i retten i mai.

Andre krimsaker:

Artikkeltags