Saman med fjordhesten Sverre lagar bonden no stein-sti på delar av vegen til dagsturhytta i Hyllestad.

Gamaldags tenker du kanskje, men fjordingen er den perfekte tilsette for jobben, meiner Sognnes.

– Det er ikkje mogleg å kome inn med større maskiner, men hesten er smidig og kjem fram mange plassar. Det krev sjølvsagt ein del planlegging og tilrettelegging, og eg var litt spent i byrjinga, sidan det er første gong eg har brukt hesten til eit større prosjekt, men det har gått fint, seier han.

Våt sommar utsette oppstarten

Dagsturhytta i Hyllestad ligg ved Sørefjordsvatnet, om lag 250 meter over havet. Årsaka til at idrettslaget har hyra Sognnes, er at delar av stien blir veldig blaut når det regnar.

Og det gjer det jo ofte på våre kantar. Nettopp vêret gjorde at igangsettinga vart utsett frå sommar til september.

– Dess fleire som går der, dess verre blir stien, seier Mona Birkeland, leiar for fjelltrimgruppa i Hyllestad idrettslag.

Det var ho og fjelltrimgruppa som spelte inn ideen. No er ho også prosjektleiar.

Saka held fram under bildet.

– Uunnverleg

Mykje av grunnen til at Sognnes vart spurt om han ville ta dette oppdraget, er fordi han utfører serviceoppdrag i tillegg til gardsdrifta.

Og med tanke på at det er vanskeleg å kome fram med motorisert køyretøy i skogterrenget, har fjordingen hans vore uunnverleg.

Stort sett alt material som har blitt brukt i prosjektet har blitt transportert av hesten.

– For å bruke hest til slike oppgåver, må ein jobbe med han i ein lengre periode og utdanne han til det du vil at han skal klare. Der har eg mykje å lære, men både eg og hesten trivst godt med arbeidsoppgåvene her, og då er eg fornøgd. Litt justeringar og tilpassingar har eg måtta gjort undervegs, men det har stort sett gått slik eg hadde tenkt, fortel han.

Bjølleklang i skogen

– Kva tilbakemeldingar har du fått av forbipasserande?

– Berre positive. Folk synest det er veldig kjekt å sjå ein hest i arbeid og høyre bjølleklang på stien, svarar han.

Fjordingen er ein lett og stødig hest. Frå gammalt av har han hatt ei sentral rolle i gardsarbeidet og trafikkbildet på mange gardar, spesielt her på Vestlandet med bratt og ulendt terreng.

Til dømes er han god til å frakte last på ryggen, såkalla kløv.

Dette har vore gull for Sognnes. I tillegg til sleping av stein, har hesten også frakta ein omn og alt som høyrer med til montering opp til hytta. Ved har også kome opp.

Saka held fram under bilda.

– Ikkje siste gong

– Kva har vore mest utfordrande?

– Mange tenker kanskje at det er tungvint med hest, men det har faktisk vore det lettaste. Det eg brukte mest tid på i starten var å køyre stein med tilhengar så langt eg klarte inn i terrenget, men det meste har hesten gjort, svarar Sognnes.

Dette blir ikkje siste gong han kjem til å bruke fjordingen på oppdrag.

– Nei, for så lenge eg ser at det er rasjonelt, så er hesten ein god ressurs.

Mange bidragsytarar

Kostnaden for sti-prosjektet er estimert til om lag 700.000 kroner.

– Idrettslaget har fått 410.500 kroner i spelemidlar. Resten blir dekt av Hyllestadfondet (100.000 kroner), idrettslaget (68.000 kroner) og sponsorane MOWI (50.000 kroner) og Norled (5000 kroner), fortel Mona Birkeland.

I tillegg kjem dugnadsarbeid for 66.000 kroner.

– Styret set svært stor pris på alle frivillige som gjer ein innsats for at ting skjer i idrettslaget og kommunen elles. I ekstraordinære tiltak som dette turstiprosjektet, er dette ekstra viktig. Vi vil difor rose Mona og fjelltrimgruppa. Utan slike initiativ er ikkje dette mogleg for eit lite idrettslag, seier leiar Odd Helge Hatlem.

Målet er at prosjektet skal vere ferdig til sommaren.