– Vi visste heile tida kor vi ville bu. Men det gjekk nesten to år å få fråskilt tomta frå garden til foreldra mine, seier Marte Haugsbakk frå Flekke.
I 2020 var Haugsbakk og sambuaren Adrian Solheim Hansen eitt av ti par som sende samla innspel til Fjaler sin arealplan. Dei bad kommunen sjå på andre område til bustadtomter, då dei meinte dei eksisterande alternativa var lite attraktive. Para ønskte å bygge og bu i Fjaler, men ville vere med å bestemme kor.
Vil gjere det enklare
For Haugsbakk og Hansen var det først for litt over eitt år sidan at dei fekk klarsignal til å setje i gang med bygginga på familiegarden. Om eit par månader flyttar paret og sonen Falk på snart to år inn i det nye huset. Men vegen hit har vore prega av mange timar med eigeninnsats for å påverke kommunen og skrive søknadar om dispensasjon.
– Vi hadde håpt på litt meir støtte frå kommunen undervegs. At dei ville lagt betre til rette for at folk skal ville og kunne flytte heim, seier Haugsbakk.
Undervegs i prosessen blei Haugsbakk såpass engasjert at ho no stiller som ordførarkandidat for Fjaler Venstre – i håp om å gjere det enklare for andre som ønsker å bygge og bu i kommunen.
– Prosessen med husbygginga trigga meg til å engasjere meg i Fjaler sin bustadpolitikk generelt. Dette må vi bli betre på.
Haugsbakk har tidlegare stått som såkalla «listefyll» på partiet si liste, men aldri vore aktiv i politikken. Før no.
Litt skummelt
– Eg veit vel ikkje heilt kva eg har sagt ja til. Det er litt skummelt. Eg hoppar jo berre rett i det.
Men sjølv om ho ikkje har vore aktiv i politikken tidlegare, har ho alltid kjent på ei lyst til å engasjere seg. For elkraft-ingeniøren skal politikken no kombinerast med prosjektleiarjobb i Maritime Montering, morsrolla, ny rolle som leiar i skigruppa i Fjaler og ein sambuar som jobbar på sjøen to veker i månaden. Det blir travelt, slår ho fast.
– Men alt går viss ein er engasjert. Då er det kjekt å bruke tid på det. Det er no eg har småungar og det er ekstra viktig for meg å bu i ein bra kommune, seier 28-åringen.
– Eg brenn for barn og unge generelt, for fritidstilbod, oppvekstvilkår, skule og barnehage. Men det er og viktig at kommunen har ei god økonomisk styring og ein god plan for det som skal gjennomførast, trekk Haugsbakk fram som saker ho tar med seg ekstra engasjement for inn i politikken.

Thora (79) om nytt tilbod i Dale: – Skal vere opent for alle
Telefonen kokte
Då partiet tysdag kveld annonserte at ho var deira nye ordførarkandidat, let ikkje responsen vente på seg.
– Det kokte på telefonen i går! Herremin! bryt Haugsbakk ut.
Meldingane tikka inn frå alt frå folk i partiet både her og der, vener, familie og folk ho hadde hatt lite med å gjere tidlegare.
– Kva gjekk responsen ut på?
– Folk synest det var imponerande. At det er tøft at ein torer å stille.
