Teaterfestivalen er eit årleg høgdepunkt i Dale. Fredagskveldens høgdepunkt på Fjalers Tusenårstad Jakob Sandetunet, var då Thea Hjelmeland åpenberra seg blant publikum. Ho hadde alliert seg med dei 190 elevane frå heile verda på UWC i Flekke, som drog resten av publikum med inn i førestillinga.

Heile publikum vart medteken i magiske sirkelrørsler der ei glitrande engel, eller dronning, åpenberra seg i midten. Dette vart ledsaga av djupe, tunge toner og eit spektakulært lysshow. Dei fullvaksne trea på Tusenårsstaden vart opplyste av grøne og blå fargetonar. Resten av Dale slapp heller ikkje unna. I fjellsida glitra husa. Det syntest som om det var Gud som helt fest i Fjaler, då heile planeten var representert med folk og det frå høgste hald vart sendt ei bodberar ned.

Det var ei vakker førestilling. Du vart dratt inn i dei magiske tonane og skilnaden mellom folk vart utviska. Eg såg dei som hadde passert båe si fyrste, andre og tredje ungdom som spent deltok. Hovudvekta blant publikum var dei mange internasjonale ungdommane, fastbuande på colleget i Flekke og tilreisande frå mange stader. Ein øvedriv ikkje om ein seier at heile planeten var representert.

Du treng ikkje ei gullstol når du er Dronning. Det held med nokre pallar stabla opp til å stå på. Bodskapen rekk likevel ut. Det er interessant at Sunnfjord har ei stjerne av internasjonalt format. Ho vil truleg lyse langt og lengre enn det Sunnfjord rekk.

Bildeserie

Bildeserie frå Teaterfestivalen i Fjaler