– No kom moglegheita for oss, seier Einar Solheim.
Solheim har jobba i Helse Førde sidan 1995 og dei siste åra har han vore overlege ved øyre-, nase- og halsavdelinga. Sidan 2013 har Solheim tatt fire veker i Kirkenes som vikarlege på sjukehuset der.
– Då fekk eg eit ledig vikariat om sommaren og sidan har eg hatt fire veker i året. Det har eg prøvd å fordele det gjennom året, slik at eg har fått oppleve alle årstidene, seier han.
På den måten har han fått med seg mørketid med skikkeleg vinter og nordlys, lyse somrar med midnattssol og hausten med sine fine fargar.
– Jobbmessig gjer eg mykje det same som i Førde, men det er eit mindre fagmiljø ved ØNH avd. i nord, der eg enten er åleine eller saman med ein dyktig svensk overlege på poliklinikken eller operasjonsstova. Ho er flink til biholekirurgi, og eg håpar å lære ein del av henne i tida her oppe.
Sønene flytta ut
Han fortel at han har vore mellom 30 og 40 turar til Kirkenes åleine, og i 2021 fekk han endeleg kona Marianne Lundekvam med seg på turen. Ho er barne- og ungdomspsykiatar, og det var det faktisk endå meir behov for i Kirkenes enn ein ØNH-lege.
– Ho likte seg veldig godt og så har vi tenkt på at det hadde vore kjekt å få bu i Nord-Norge saman, seier Solheim.
Paret har to søner som no har flytta ut av barndomsheimen for å studere. Det gav også Solheim og Lundekvam moglegheit til å gjere noko nytt.
– Det er ein overgang for oss foreldre når borna flyttar ut, og då kan det vere greitt med nye impulsar. Når vi no fekk sjansen til dette, greip vi den, og er takksame for at Helse- Førde gav oss permisjon i eitt år.
– Eksotisk
Allereie 1. januar sat dei seg på flyet til Kirkenes og tre veker inn i opphaldet kan Solheim fortelje at dei er komne godt i gang.
– Folk her er inkluderande og lett å kome i prat med. Det verkar også at mange synest at det er kjekt at nokre søringar kjem og satsar på eit lengre opphald her. Det eit ganske internasjonalt miljø med svenskar, finnar, polakkar og russarar her. Det er det jo også på sjukehuset i Førde, men ikkje i den grad som i Finnmark, seier han.
Solheim skildrar Nord-Norge som eksotisk.
– Det har sin sjarm med tidleg vinter og somrar med lys heile døgnet. Her brukar folk sparkstøtting og ski i fleire månadar, nett som på Vestlandet i gamle dagar. Det er også gode skimoglegheiter her, der lysløypa går rett utanfor leilegheita og sjukehuset. Eg er mykje flinkare til å bruke naturen her enn i Førde. Kanskje fordi eg ikkje er oppteken med så mykje anna enn jobben her? Og så føler vi det er så mykje vi ikkje har sett, som vi vil rekke over.
Gjennom året i nord skal paret utforske Finnmark og nabolandet Finland.
– Vi har éi friveke i månaden. Den skal vi bruke å reise på, men det vert nok nokre turar til Førde òg. Er jo der vi høyrer heime. Mykje av det som er her i Finnmark og i Nord-Finland er heilt ukjent for oss søringar. Det skal vi finne meir ut av no, seier han.

Då kjærastane fekk sjeldan moglegheit i Førde, hoppe dei i det

Ragnar vart nasjonal snakkis etter jobbskifte: – Dagane har vore heilt absurde
