Josefine (21), Henriette (24) og Gabrielle (25) hadde verdas kulaste mamma.

– Naboane fekk litt sjokk då ho kom her på visning. Dei tenkte: Kven er dette mennesket, ho gjekk i rosa tights og leopardmønster og gullveske og knallraudt hår, ha ha!

Josefine og Henriette vaks opp i eit stort flott hus i Slåttebakkane i Førde, saman med si eldre søster Gabrielle, pappa og si fargerike mamma Astrid Hals.

Astrid Hals døydde 4. mars i år. I denne artikkelen fortel hennar to yngste døtre historia om korleis mor deira fekk diagnosen, korleis det snudde opp ned på livet, korleis det gjekk, korleis det slutta, og korleis det går. Storesøster Gabrielle hadde ikkje høve til å vere med på intervjuet, men har lese og godkjent heile artikkelen.

Ein fargeklatt

– Mamma var bokstaveleg talt ein fargeklatt. Ho var så overstrøymande glad og positiv og utadvendt, og ikkje minst fargerik. Det var ikkje éin dag utan rosa leppestift og knallraud naglelakk på fingrar og tær, ho elska gull og glitter og stas, det var store smykke og ringar på nesten kvar finger, og så gjekk ho alltid i sjokkfarga klede. Eg trur det var eit poeng for henne at fargane ikkje skulle matche, fortel Josefine.

– Vi var ganske flaue av henne då vi var små, men då vi vart større, syntes vi ho var skikkeleg kul, seier Henriette med eit varmt smil.

Då dei to søstrene var ti, tretten og fjorten år vart foreldra skilde, og Astrid kjøpte seg ei leilegheit i Kjørslemøbakkane i Halbrendslia. Søstrene vart buande femti–femti hos mamma og pappa. Litt sånn til og frå. Nokre månader her, nokre månader der.

På denne tid i fjor hadde Astrid alt lenge hatt alvorleg vondt i ryggen. Josefine budde hos henne då, og hadde sett på det lenge:

– Ho bles av det, men det var jo intenst. Eg var her, så eg såg det. Ho hadde skikkeleg vondt. Og ho hadde høg smerteterskel. Men ho var van med å kjempe. Ho fekk eit hjarteinfarkt i 2001, ho har hatt tette blodårer, ho fekk droppfot (sterk halting) etter ein operasjon, og ho har hatt to epilepsianfall, så ho miste sertifikatet. Frå då av gjekk eller sykla ho til jobb på sjukehuset, fem kilometer kvar veg, og heftige motbakkar på heimvegen.

Høg smerteterskel

Men mora sine ryggsmerter skremte Josefine litt.

– Eg sa ho måtte gå til lege, men det var ikkje snakk om. «Med ondt skal ondt fordrives», sa ho, og gnog knyttneven inn i ryggen. Det rare var at det gjorde vondt berre når ho var i ro, ikkje når ho bevegde seg. Det var trakking fram og tilbake på golvet her, dag og natt. Ho var jo heilt håplaus med sånt. Ho gjekk mange gonger på jobb med brekt ribbein. Ho braut eit ribbein ein gong ho velta på sykkelen, og det braut ho opp att mange gonger. Då brukte ho å ta eit magebelte og stramme det godt rundt bringa, og så gjekk ho på jobb. Ho jobba som sjukepleiar på ortopeden i 33 år, og eg trur ikkje ho hadde éin dags sjukefråvær.

Stolt sjukepleiar

– Eg trur ikkje det er mange som er like glad i jobben sin som det mamma var, meiner Henriette:

– Ho kvidde seg ikkje éin einaste dag, og tok meir enn gjerne på seg ekstra vakter. Ho var glad i pasientane og gav alltid det vesle ekstra. Ho var rett og slett ein stolt sjukepleiar.

Men Astrid verkte verre og verre, og sov mindre og mindre. Ein dag sa det stopp.

– Ein dag på jobben var det ei som spurte korleis det gjekk med henne, og då braut ho fullstendig saman. Alle kollegaene og legane der skjønte at når Astrid Hals seier det er vondt, då er det verkeleg ille.

Kollegaene tok affære, og ville legge henne inn, men Astrid insisterte på at ho i alle fall skulle gå ferdig nattevaktshelga si først.

17. mai 2021 om morgonen gjekk ho av jobb. Det skulle bli for siste gong. Same dag vart ho innlagt, fortel Henriette:

– Først var ho på ortopeden, men der fann dei ingenting som kunne forklare smertene. Så vart ho overført til nevrologisk, og der oppdaga dei bukspyttkjertelkreft. Den hadde allereie spreidd seg til lymfeknutane, levra og eine lunga. Ho hadde nok hatt kreften i lang tid, utan å vite om det.

Dødsdommen

Astrid var sjukepleiar, og skjønte godt kva dette betydde:

Døden.

Og det ganske snart. Pasientar som får konstatert bukspyttkjertelkreft med spreiing lever i gjennomsnitt 3–6 månader etter at kreften er oppdaga.

– Vi har jo mykje kreft i familien vår. Alle fire besteforeldra våre døydde av kreft, fortel Henriette.

– Og bukspyttkjertelkreft er visst ei av dei skumlaste og mest smertefulle kreftformene, supplerer Josefine.

Då Astrid fekk beskjeden var ho heilt i sjokk i to dagar. Eller, i alle fall, halvannan:

– Dagen etter at ho kom heim var beskjeden klar: No skulle vi leve, og oppleve maksimalt, så lenge det gjekk. Same dag bar det rett på Hafstadstølen.

Døtrene tok seg to månader fri frå jobben. Søstera hennar kom med fly frå Arendal, og Gabrielle, storesøstera til Josefine og Henriette kom heim frå Oslo. No skulle det levast. Saman med mamma.

– Til å begynne med trudde eg ho berre hadde to–tre månader igjen. Ein googlar jo litt, seier Henriette.

Travle månader

– Eg trur at skal ein tenke litt positivt, så er mai den beste månaden å få ein slik beskjed. Mamma var så glad i sol. Vi sat ikkje i ro éin einaste dag, fortel Josefine:

Det tok ein månad før ho begynte på cellegift. Den månaden nytta dei godt:

– Det vart turar til Hundsrasta, Hafstadstølen, Soleide, rundt Bekkjevatnet, barndomsheimen hennar på Hals i Måløy, Refviksanden, vi gjekk til Vemmelsvika, det vart mange, lange, harde turar for å styrke kroppen for det ho visste ville komme.

– Ho fekk sterke medisinar mot smertene, ho vart påverka av det, og kroppen var utsliten, men ho prøvde alt ho kunne for å skape fine dagar og vakre minne. Sikkert også for sin eigen del, men mest for vår del, fortel søstrene.

Dei snakkar så fort, og har så mykje å fortelje, at det er litt vanskeleg å hugse kven som sa kva. Men det spelar no heller inga rolle. Dei var der, alle tre døtrene. Heile vegen. Heilt til siste slutt.

Hattedronninga

– Første runden med cellegift gjekk fint. Ho miste håret veldig kjapt, men ho følte seg veldig fin utan hår. Brått følte ho seg som den divaen ho innerst inne alltid har vore. Og så vart ho «hattedronninga». Det var raude, grøne og blå hattar, og ein gullhatt. Den elska ho. Den la vi på kista hennar, og den ligg framleis på grava.

Cellegifta vart ei hard påkjenning.

– Ho fekk to forskjellige kurar. Først ei veke med den eine, så ei veke med den andre, og så ei veke med begge to, og så ei veke fri. Men ofte måtte ho stå over ein kur fordi blodverdiane var for dårlege. Ho fekk dårleg immunforsvar, og fekk stadig infeksjonar i kroppen, fortel Josefine.

Henriette må innrømme noko:

– Eg vart rett og slett glad når ho mista ein kur, for ho vart så dårleg av dei. Eg kjente på ei lita indre feiring kvar gong ho ikkje fekk kur. Eg blei glad fordi utan kur blei livskvaliteten litt betre sidan ho blei så dårleg, og mamma kunne være meir seg sjølv. Men det var også skremmande, fordi utan kur vaks kreften, og smertene auka.

Fylket rundt etter sitronfromasj

Astrid fekk nesten ikkje i seg mat, ho hadde til og med vanskeleg for å drikke vatn. Men Henriette er kokk, og søstrene gjorde det dei kunne for å finne mat som Astrid greidde å få i seg:

– Ei veke kunne ho få heilt hekta på gulrotstappe, så var det kanskje ei veke med sitronfromasj.

Søstrene tømte butikkane i Førde for sitronfromasj.

– Så leita vi i alle butikkane i Måløy, men i Florø fann vi ein butikk som hadde.

Men det var ein kamp mot overmakta. Astrid var ganske tynn frå før, men no raste ho ned i vekt, og muskelmassen forsvann, fortel Josefine:

– Mamma gjekk jo veldig mykje på fjellet og hadde ein enorm kondis, men no forsvann det heilt. Ho var trøytt og slapp, og alle medisinane fekk henne til å sovne alle plassar. Ho vart veldig døsig, ho hang ikkje alltid med og fekk ikkje med seg alt som vart sagt. Ho kunne sitje og ete, og så sovna ho og maten datt på golvet.

Finaste sommaren i livet

Det vart fort færre og færre gåturar og fleire bilturar. Til slutt vart det å greie å gå til postkassen ein siger.

Men det vart likevel ein fin sommar.

– Vi har aldri opplevd så mykje på ein sommar. Vi var i Solvorn og Lærdalen og mange stader i Sunnfjord, vi var stader der ho skulle mimre om gamle minner, og nye stader for å få nye minner. Vi var stort sett rundt heile Sogn og Fjordane, seier Henriette. Josefine skriv under på det:

– For min del vart det den finaste sommaren i livet. Eg trur den gjer sorga litt lettare å bere. Vi har så ekstremt mykje å sjå tilbake på, vi gjorde mest mogleg i lag. Det var den nye prioriteringa: Å vere med kvarandre.

Hausten gjekk, og Astrid vart svakare og svakare.

– Vi var veldig redde for jula. Men det gjekk fint. Ho var ikkje i så god form, men det vart ei fin jul. Ho var mykje kvalm, og veldig sensitiv for lukter, så vi lagde ikkje mat heime, men kjøpte ferdig julemiddag frå jobben min, fortel Henriette.

Ville avslutte behandlinga

– På slutten vart det knekkebrød både til lunsj og middag på oss, seier Josefine og ler.

Før jul begynte Astrid å snakke om at ho ville slutte med behandlinga, men at ho ville halde på til over jul.

– Ho var kjempedårleg, det var nesten ingenting igjen av henne. Vintermånadane var ho for det meste i sofaen, fortel Henriette.

Astrid klaga aldri, men dei rundt henne visste likevel godt korleis det stod til med henne:

– Då ho vart sjuk, fekk ho ein veldig ironisk humor. Alt ho sa var veldig morosamt, vi lo ekstremt mykje. Ho var veldig open om sjukdommen, og det gjorde at vi fekk ein veldig god kommunikasjon. Gjennom heile sjukdomsforløpet var ho alltid meir positiv enn alle rundt seg. Uansett kva legane sa, så sa ho berre «Ja ja. Det er sånn det er.»

Det at Astrid var så open og ærleg om korleis ho hadde det, har gjort sorgprosessen lettare, trur søstrene.

– Tenk så heldige vi er

– Mamma sa alltid «Tenk så heldige vi er som har fått førebu oss, tenk på dei som døyr og mistar nokon brått. Vi har i alle fall fått tid til å førebu oss på det som skal komme.»

Og det som skulle komme, det kom plutseleg fort.

– Etter jul gjekk det veldig nedover. Ho hadde godt humør, det var god stemning i heimen, men ho var veldig, veldig dårleg, fortel Josefine.

Men det var éin ting Astrid skulle ha med seg:

Bryllaupet til Kari Tillerflaten, Astrid si bestevenninne og «søster» heilt sidan studiedagane på Sjukepleiarskulen. Astrid skulle vere forlovar.

Bryllaupet skulle stå på Voss 19. februar. Første februar slutta Astrid med behandling.

Var ekstremt dårleg

– Veka før bryllaupet var ho ekstremt dårleg. Vi lurte på om det i det heile var fysisk mogleg for henne å komme seg dit, men så henta ho fram nokre krefter som ingen visste kor kom ifrå, og så reiste eg, mamma og tante til Voss, fortel Josefine:

– Då var det sånn at ho kunne ikkje gå på eiga hand, ho måtte ha ein person til å støtte seg under kvar arm. Vi kom der dagen før og gjekk tidleg til sengs, men det vart ei ganske hard natt. Ho var ganske dårleg, og eg var oppe og snudde henne i senga fleire gonger, så ho ikkje skulle få liggesår.

Men då Kari kom inn på rommet neste morgon, låg Astrid der i senga og smilte og drakk prosecco og vart sminka.

– Under fotograferinga sat ho mykje på ein stol, men under middagen stod ho på eigne bein og heldt ein tale som var slik at heile bryllaupet gret. Det var verkeleg sterkt, fortel Josefine, tydeleg stolt av mor si.

Astrid heldt ut til klokka ti om kvelden. Ho og brura song «signatursongen» sin saman, «Hooked on a feeling».

Sitt livs siste krefter

Og så gjekk Astrid og la seg. Dette var siste gong ho stod på eigne bein. Å gå i det bryllaupet, det gjorde ho med sitt livs siste krefter.

– Neste morgon vakna vi i nitida, men då hadde ho ingenting igjen. Ho prøvde å stå opp, men klarte det ikkje, så eg måtte hoppe ut av senga og støtte henne, eg ropte på tante, og så kom ho og Kari, som er sjukepleiar, og fann ut at ho hadde brystsmerter som spreidde seg mot armen, dei ringde 113, og plutseleg kom det eit heilt ambulanseteam inn på rommet og så tok dei henne med på akutten på sjukehuset på Voss. Dei fann ikkje anna enn det gamle infarktet, men vi hadde veldig lyst å få henne heim, så dei bestilte ein ambulanse som køyrde henne til sjukehuset i Førde.

– Då ho kom til Førde var ho så å seie komatøs, men ho kom seg opp i ein gåstol. Mamma er storrøykar, ho har røykt sidan ho var tolv år, og det var det som fekk henne opp av sofaen, at ho skulle ut og røyke.

Dagar igjen

På sjukehuset sa dei at no hadde Astrid berre dagar igjen, fortel Henriette:

– Vi var ein heil dag på sjukehuset, alle saman. Pappa kom og var der nesten heile dagen, og det syntes mamma var veldig fint.

Ho ville døy heime, så dei fekk ei sjukehusseng inn i stova heime i Kjørslemøbakkane.

– Mens mamma var sjuk planla ho mykje av si eiga gravferd. Vi visste kven som skulle bere kista, og kva songar som skulle syngast. Det var meir fint enn tungt å snakke om døden og gravferda. Ho snakka om det som om det skulle bli ein fin ting, seier Josefine.

Astrid Hals hadde no elleve dagar igjen av livet.

– Dei dagane var veldig til og frå. Ho kunne vere heilt komatøs, og så heilt våken, vi var vakne og sat her med henne på skift heile tida. Dei elleve dagane vile eg aldri ha vore forutan, seier Henriette. Josefine er einig:

– Vi lærte veldig mykje, og tok på oss eit ansvar vi aldri hadde hatt før. Vi sat oppe natt og dag, og det er ikkje så lett med ein person som ligg for døden.

– Men ein er i ei boble, og det var mykje god stemning, sjølv om det var litt tungt. Vi klarte å halde ein god tone oss imellom.

«Ikkje daud heilt enno»

Ikkje minst takk vere Astrid:

– Når det kom venninner på besøk, og dei sat og gret, så sa ho: «Ikkje gråt! Eg er ikkje daud heilt enno!» fortel Henriette og ler.

– Den siste dagen var veldig fin. Vi hadde mykje roleg musikk på i bakgrunnen, begynner Josefine, men blir avbroten av Henriette:

– Eg vil fortelje om den dagen. Kan eg det?

– Det starta med at vi stod opp, og eg og Kari sat og bladde i fotoalbum, vi sat og drakk kaffi, og plutseleg låg det ein diamant i handa hennar. Eg er litt overtruisk, så eg tenkte: Dette er eit symbol. I dag kjem det til å skje.

– Det gjekk mange dagar før vi skjønte at diamanten hadde losna frå en kaffekopp og tilfeldig festa seg i handa hennar.

Då heimesjukepleia kom for å stelle henne var ho veldig uroleg. Ho ville ikkje lukke auga, og pusten hennar var veldig surklete.

– Ho såg plutseleg heilt annleis ut og, den dagen, ho var gul i auga, og begynte å få marmorering på bein og armar. Det er visst eit teikn på at det går mot slutten. Utpå dagen trudde vi at det kom til å skje, kroppstemperaturen gjekk opp og ned. Vi var der, søster hennar, vi borna og Kari, vi hadde på musikk og vi song, og ho prøvde å synge med.

Fekk sagt det viktige

– Til slutt stod vi alle rundt senga, og vi tenkte at «no skjer det», og vi fekk sagt til henne at «Dette går fint mamma, du har lov til å sleppe no. Vi skal halde saman etter at du døyr, det skal gå fint med oss, du skal ikkje bekymre deg.»

Henriette ser vekk, svelger ein klump i halsen:

– Det var veldig sårt, veldig tungt, men det var veldig fint at vi fekk den augneblinken.

Josefine er einig:

– Det var då vi innsåg at skal vi få sagt desse tinga, så måtte det skje no. Det var veldig bra at vi trudde at no kom det til å skje.

Men det skjedde ikkje heilt enno. Først ved halv sjutida om kvelden merka dei at noko var i ferd med å skje:

– Vi sat heile tida med henne, vi måtte byte litt på, så sette vi oss i sofaen, og så sa tante at «Oi, no trur eg ho har lukka auga!». Det var den første augneblinken ho hadde i fred, og så merka vi at ho begynte å puste annleis, veldig fort og grunt, liksom, og frå vi røyste oss frå sofaen gjekk det kanskje berre tre–fire minutt, så ropte ho ut, og Kari begynte å skulle setje morfin, men så skjønte vi alle saman at «Oi, det er jo no det skjer.»

Og det gjorde det. Klokka halv sju, den fjerde mars i år, døydde Astrid Hals, 57 år gamal.

– Då ho døydde, stod vi rundt henne, alle saman, og sa dei same tinga som vi hadde sagt tidlegare på dagen, fortel Josefine.

Sorga

– Det er berre fem veker sidan. De er 21 og 24 år, og har mista mor dykkar. Korleis går det med dykk no?

Henriette svarer først:

– Eg trur eg er veldig lik mamma, at i staden for å sørge, kan ein bestemme seg for å tenke på noko fint. Og så har eg jobba veldig mykje, og fylt opp fritida med gjeremål. Eg held meg sjølv – og tankane mine – opptatt. Sorga rammar så forskjellig. Og det er litt vanskeleg, når ein er ein familie, at alle sørger på sitt vis, og så skal du handtere at andre har ein annan måte. Det kan vere veldig vanskeleg. Det tok litt tid før vi klarte å finne den balansen.

Josefine har det vondt:

– Det er framleis veldig tungt. Eg trur vi er i ei boble. Den er veldig vanskeleg å komme ut av. Det kjennest uverkeleg, som om det ikkje er sant. Eg går rundt i huset, og ho er ikkje der, og ein augneblink tenker eg at ho er på fjellet. Eg høyrer lydar i huset, og så trur eg eit lite sekund at det er ho som kjem heim frå jobb, og så kjem eg på det: At ho aldri meir skal kome heim frå jobb. Det er ganske tungt. Og korleis skal det gå med oss vidare i livet? Mamma di er trass alt den viktigaste personen i livet ditt, som elskar deg uansett kva som skjer.

– Kunne vore verre

Likevel, Henriette ser at det kunne vore verre:

– Vi gjekk i ni månader og såg for oss korleis det skulle bli, korleis døden ville bli, og korleis gravferda skulle vere, eg trur sorgprosessen starta idet ho fekk diagnosen. Eg trur det har hjelpt på korleis vi har det no. Det at vi fekk så mykje tid saman, det gjer og sorgprosessen lettare, trur eg.

– Eg er god på å skubbe vekk tankar og kjensler, men eg kjenner at dagane blir tyngre og tyngre. Kalenderen min blei nok fylt opp litt for fort, og det har nok påverka at eg ikkje er heilt innforstått med det endå. Savnet vil alltid være der, og eg er takknemleg for at eg fekk ha mamma i 24 år. Å selje leilegheita til mamma kjem til å bli blytungt den dagen det skjer, det er noko eg gruar meg til. Det hender at eg har lyst å fortelje eller spørje mamma om noko – men så innser eg at eg ikkje kan det. Det stikk alltid litt ekstra. Eg ser no i ettertid at eg er veldig lik mamma, og det synes eg er fint å tenke på.

Men så er det alt det praktiske, seier Josefine:

– Så blir ein jo og kasta ut i vaksenlivet, sjølv om vi er no bra sjølvstendige frå før. Er du skilsmissebarn, så blir du sjølvstendig. Men no skal vi avbestille abonnement, vi skal føre ting over på oss, det blir mange praktiske ting. Eg tenker på henne heile tida: Korleis mamma ville kommentert det og det, eg ser for meg ansiktet hennar når ho seier noko morosamt, men så ser eg også ofte for meg augneblinken då ho døydde.

Josefine kjenner hardt på sorga:

– Mamma var hovudpersonen i livet mitt. Eg har budd veldig mykje her, og frå ho vart sjuk og heilt til ho døydde. Vi har jo ikkje eigne born, så vi er framleis liksom borna i familien. Det blir så enormt. Eg veit liksom ikkje korleis eg skal gå vidare frå det, at det tomrommet aldri vil bli fylt, at det alltid kjem til å vere der.

Gravfølge i knæsje fargar

Astrid Hals var ei staseleg dame som fortente eit staseleg farvel. Og det fekk ho:

– Ho var jo veldig glad i knalle fargar, så vi bad alle som kom i gravferda om å kle seg i sterke fargar. Det var ikkje mange mørke dressar å sjå i kyrkja den dagen.

Astrid hadde sjølv skrive sin eigen tale til gravferda:

– Den vart lesen opp av to vener. Mens dei las talen, kom plutseleg sola fram, og skein inn gjennom eit vindauge, og rett på gullhatten hennar, som vi hadde lagt på båra. Det var så du kunne bli heilt overtruisk, ho som var så glad i sola. Og den hatten.

– Den la vi på grava hennar. Den var så veldig mamma. Det var slik ho var.

– Ein solstråle, som elska gull og glitter.

Kari Tillerflaten var Astrids beste venninne gjennom 36 år:

– Vi begynte på sjukepleiarskulen saman i 1986, og vart veldig nære vener. Det var ikkje éin ting vi ikkje kunne seie til kvarandre, og vi var aldri meir enn ein telefonsamtale unna. Når ho no er borte, er det som ein del av meg er riven vekk. Det er veldig rart. Eg skjønar liksom ikkje korleis livet skal bli utan Astrid. Samtidig veit eg at ho ville at vi skulle leve vidare, og glede oss over livet.

Det er kanskje det viktigaste vi har å lære av Astrids historie, meiner Kari:

– På denne tid i fjor visste Astrid ingenting om kva som venta henne. Ho fekk dødsdommen som lyn frå klar himmel. Når ho så fekk den, vart ho veldig klar over kor viktig dei nære ting er for oss, og gav alt for å ha det kjekt saman med familien og oss andre. For meg vart dette ein tankevekkar om kor fort livet kan snu. At vi må leve som om kvar dag er den siste.