Covid-19 har gjort til at konfliktrådet har fått færre saker

Koronapandemien har ført til færre saker for konfliktårdet. Rådet trur mindre kriminalitet, færre anmeldingar og moglege forseinkingar i rettsaparatet kan vere grunnen.

DEL

Konfliktrådet Vest har totalt sett hatt ein nedgang i tal saker i 2020, samanlikna med same periode i 2019. Dette gjelder i både straffesaker, sivile sakar og ungdomsoppfølging- samt ungdomsstraffesaker. Covid-19-pandemien med mindre kriminalitet, færre anmeldingar og moglege forseinkingar i rettsapparatet kan være nokon av grunnane til lågare sakstall hittil i år.

Konfliktrådet Vest skriv i ei pressemelding at dei har mottatt 198 saker hittil i år, mens tilsvarande tall for 2019 var 260. Det er ennedgang på 24% frå førre år. 32,5% av sakene handlar om hensynslaus åtferd, trugslar og vald.

Familiekonfliktar utgjer 6,4 % og vald i nære relasjonar utgjer 4,8%. Økonomisk kriminalitet og økonomiske konfliktar utgjer til saman 12,8 %.

Tre ungdommar i Vest har fått ungdomsstraff

Tre ungdomar i Vest er hittil i år idømt ungdomsstraff, som er den strengaste straffereaksjonen. Same tid i 2019 hadde region Vest mottatt 1 ungdomsstraff. 21 nye ungdomar har i denne perioden fåtttildelt straffereaksjonen ungdomsoppfølging. Lokalt i Vest har Konfliktrådet over 40 pågåande oppfølgingar med ungdom mellom 15-18 år som er ein del av ungdomskriminalitetsstatistikken.

Det er et stort spekter av type lovbrot som ungdom får oppfølging for. Eksempler er; skadeverk, tyveri, ran, vald, trugslar, valdtekt, bildedeling, brudd på veitrafikkloven, bruk og besittelse av narkotika.

Konfliktrådet har ei koordinerande rolle for ungdom som er under straffegjennomføring.

Konfliktrådet har ingen eigne tiltak, men er avhengig av dei tiltak som statleg og kommunal sektor kan tilby for å snu den negative utviklinga hjå ungdommen. Som en konsekvens av Covid-19-pandemien forsvant mange av disse tenestane, noko som gjorde oppfølginga svært krevande – både for ungdommen og for ungdomskoordinatorane hjå konfliktrådet. For å sikre kvaliteten på straffegjennomføringa, og med fare for økt risiko for nye kriminelle handlingar, avgjorde regjeringa at eit nødvendig tall ungdomskoordinatorer skulle definerast inn i kritiske samfunnsfunksjonar. Dette også for å oppretthalde forsvarleg ivaretaking av ungdom i straffegjennomføring.

All meklingsaktivitet blei stogga

Då Norge blei stengt ned i forbindelse med Covid-19, ble all meklingsaktivitet stogga. Etter å ha brukt tida på å forberede mekling på ulike digitale plattformar, sat Konfliktrådet Vest- i likskap med resten av landet – i verk mekling via skjerm eller telefon. Partane fekk i alle sakar velgje mellom å møtes digitalt eller vente til fysiske møter igjen kunne gjennomførast. Nokon ønska skjermløysing for å bli ferdig med saken. Frå 22. april ble det gradvis opna for at sakene igjen kunne meklast fysisk, då tilrettelagt med omsyn til smittevern.

Konfliktrådane har totalt sett hatt ein nedgang på 9 prosent i tall saker i 2020, samanlikna med same periode i 2019. På landsbasis har konfliktrådane hittil i år mottatt 3.142 saker, mot 3.458 i 2019. 25 prosent av forholda omhandlar vald og vald i nære relasjonar.

32 ungdomar er idømt ungdomsstraff, mens 223 har fått ungdomsoppfølging.

Artikkeltags