Det har vore ein nedgang i talet på nye sjukehusinnleggingar for covid-19 og influensa. Det kjem fram i den nye vekerapporten til Folkehelseinstituttet (FHI).
I rapporten står det mellom anna at covid-19-bølgja går mot slutten, men at ei ny bølgje kan komme seinare i vinter. Det har vore ein stor nedgang i påviste tilfelle og sjukehusinnleggingar dei siste vekene.
Per no er 73 prosent over 75 år vaksinerte med 4. dose vaksine mot covid-19. FHI tilrår folk å følgje vaksinasjonstilrådingane.
– Beredskapen i sjukehusa og i kommunane blir halden oppe i vinter med tanke på framleis høg sjukdomsførekomst, stort sjukefråvær, mange innleggingar og mange utbrot i sjukeheimar og sjukehus, skriv FHI. Vidare skriv dei at utviklinga av epidemiane i vinter er usikker.
Når det gjeld RS-virusinfeksjon har talet på innleggingar gått opp den siste veka.

Halvparten av sjukehusa i landet aukar beredskapen. Men ikkje Helse Førde

Forskarar klør seg i hovudet av viruset si plutselege utvikling: – Heilt eineståande