Countrytreffet var eitt av tidenes best besøkte

FERDIG: Årets countryfestival rundar av med gode besøkstal og nøgde arrangørar!

FERDIG: Årets countryfestival rundar av med gode besøkstal og nøgde arrangørar! Foto:

Med 130 artistar, 700 frivillige og 13.200 besøkande takkar årets countryfestival for seg.

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Norsk Countrytreff var nok ein gong ein stor suksess i Breimsbygda. Festivalen vart i år arrangert for 23. gong, og med over 13.000 besøkande har han vist seg å vere blant dei best besøkte festivalane gjennom tidene!

Blinkskota frå festivhelga finn du her.

– Utruleg godt nøgde

Festivalsjef Arve Kleppe kan sjå tilbake på ei innhaldsrik og vellykka helg:

– Vi er utruleg godt nøgde med besøkstala og gjennomføringa. Publikum såg ut til å kose seg på alle konsertane, og dei fekk servert ein god miks av variert countrymusikk.

FESTIVALSJEF: Festivalsjef Arve Kleppe er godt nøgd med årets Countrytreff!

FESTIVALSJEF: Festivalsjef Arve Kleppe er godt nøgd med årets Countrytreff! Foto:

Årets festival kunne skryte av store namn som Gunslingers, Ben & Noel Haggard, Vassendgutane og Staut. Gunslingers var ein av dei som i år spelte på torsdagen, og her kan Kleppe melde om nye rekordar:

– Torsdagen vart også ein stor suksess, eg trur ikkje vi har fått så mange innom festivalen den dagen tidlegare, seier han.

Bilda frå torsdagens opningskonsert finn du her.

Fleire gjestar på campen

Kleppe kan også informere om at dei har hatt fleire gjestar på campinga enn tidlegare.

– Vi er utruleg godt nøgde med besøkstala og gjennomføringa. Vi har ikkje som mål å bli noko større, men det er klart det er utruleg kjekt at så mange kjem og bidreg til ei fantastisk stemning og gode opplevingar, seier Kleppe, som også kan seie seg takksam over at vêret i stor grad har haldt seg på deira side.

– Vi har ikkje oversikt over økonomien for årets festival endå, men vi håpar vi også i år kjem ut i pluss. No fortener alle som har bidrege ein cowboystrekk før vi om litt kan byrje å sjå fram mot neste års festival, avsluttar Kleppe.

Artikkeltags