Gå til sidens hovedinnhold

Coop kallar tilbake spagettisaus med for mykje bly

Coop kallar tilbake sin eigen Coop Spaghettisaus etter at det er oppdaga for høgt nivå av bly i løkpulveret som er brukt i blandinga.

Den frysetørka sausen med 52 gram i posen er allereie fjerna frå butikkhyllene, skriv matvarekonsernet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Tilbakekallinga gjeld produkta med best-før-dato 15.04.2023 og 22.03.2023.

– Vi oppmodar kundar som har kjøpt produktet med den spesifikke haldbardatoen om å levere produktet tilbake til butikken, slik at dei kan få refundert pengane, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.

(©NPK)

Les også

Betalingsproblem i heile landet. Det fekk Christine og kollegaene merke: – Ikkje ideelt i rushet

Kommentarer til denne saken