– Vi har fått mange tilbakemeldingar på dette i dag, seier kommunikasjonssjef i Coop Norge, Harald Kristiansen.
Svindlarar er ikkje blitt leie av å sende epostar enno. Denne tysdagen har mange fått e-post frå «Coop», som ber deg oppdatere kontoopplysingane på Netflix.
Det heile blir på suspekt vis signert med helsing «Vennene dine på Netflix».
– Prøvar å utnytte vårt gode rykte
Naturleg nok kjem dette verken frå Netflix eller Coop.
– Det er dessverre nokon som prøvar å utnytte vårt gode namn og rykte og sender «spam» i vårt namn. Vi opplever det i periodar, seier Kristiansen.
Han seier Coop si sikkerheitsavdeling er sett på saka. Kvar gong nye svindelforsøk i Coop sitt namn dukkar opp, prøvar dei å komme til botn i kven som står bak.
Har klart å avsløre nokon
– Det er vel relativt vanskeleg?
– Ja, men vi har klart det i nokre tilfelle. Det er krevjande arbeid. Heldigvis er alle blitt flinkare til å gjennomskode svindelforsøk, og folk er flinke til å seie ifrå når det dukkar opp nye forsøk. Det er sjeldan vi høyrer om nokon som har blitt lurt.
Men at svindelforsøka held fram vitnar om at nokre går i fella. Kristiansen seier at Coop politimelder svindlarar dei klarer å avdekke.
Tommelfingerregelen for å gjennomskode svindel er at dersom eit tilbod ser for godt ut for å vere sant, er det som regel det. I tillegg bør varsellampene ringe når e-postavsendaren ber om personlege eller bankrelaterte opplysningar.
Mange knep i ermet
Svindlarar har etter kvart tatt i bruk kreativiteten sin og det er nærmast ikkje grenser for kva eller kven dei gir seg ut for å vere, alt i forsøk på å skaffe seg bankopplysningane dine.
Dei går målretta mot eldre damer:

Svindlarar går målretta mot eldre damer for tida. Henny (72) blei ringt av «Sparebank1»
Dei har sendt ut falske faktura i Førde Røde Kors sitt namn:

Svindelfaktura sendt ut i Førde Røde Kors sitt namn. – Hjarterått
Dei lèt stadig som at dei er Posten:

Ventar du pakke? Ikkje trykk på denne lenka frå «Posten»
Dei klarte å lure Torbjørn Vereide:

Kjent svindlar opererer i Førde no - Torbjørn (30) vart lurt
Dei ringer frå 112:
Politiet åtvarar: Ikkje ta telefonen visst 112 ringer
Dei kjem med gode, men falske tilbod på elektronikkvarer:
Falske sms-ar frå Elkjøp: - Akkurat no er det ein storm!
Dei kjøper Playstation-spel i Ada (72) sitt namn:
