Chipspose og havarert bil stengde Gudvangatunnelen to gonger på ein halvtime

DEL

Like før klokka 13.00 tysdag melde vegtrafikksentralen at E16 Gudvangatunnelen i Aurland er stengt på grunn av ein gjenstand i vegbana. Entreprenør var då på veg til staden.

– Publikum meinte at det var ein stein som låg i vegbana, men det viste seg å vere ein chipspose, seier Ken Ove Holm i vegtrafikksentralen.

Tunnelen var stengt i om lag 15 minutt før den opna att. Men det tok ikkje lange tida før den blei stengt på ny, denne gongen på grunn av ein bil som havarerte.

Vegtrafikksentralen melde 13.25 at tunnelen var stengt, men klokka 13.35 fortel Holm at den no er open for fri ferdsel att.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken