Chatta på Skype om overgrep mot barn. Må i retten

Ein mann i 50-åra står tiltalt i Sogn og Fjordane tingrett etter fleire chattesamtalar om overgrep mot born under 18 år.

DEL

I perioden november 2013 til februar 2016 skal han ha hatt ei rekke chattesamtalar via tenesta Skype, der temaet var seksuelle overgrep mot born.

I tiltalen står det oppført seks samtalar med ulike brukarar, der mannen skal ha stilt ulike spørsmål av seksuell karakter.

Mannen i Sogn blei arrestert av politiet i april 2018, og oppbevarte då fire bilde som seksualiserer born.

Han står no under tiltale for brot på straffeloven § 204, og § 311, for å sitte på materiale som seksualiserer born.

Saka skal opp i retten 25. mars 2020.

Artikkeltags