Charterselskap avlyser alle reiser fram til 20. august

Av

Ving og Apollo avlyser alle reiser fram til 20. august.

DEL

NETTAVISEN: Det kjem fram i ei melding tysdag ettermiddag.

Nettavisen skreiv måndag at det har vore hyppig kontakt mellom charterselskapa for å komme fram til ei felles tolking av UD sine nye reiseråd.

Ving og Apollo melder at dei på grunn av usikkerheita rundt nye reiseråd til Norden og Europa har bestemt at dei vil kansellere alle reiser, sjølv om det kan bli opna for reiser ut av Norge før 20. august.

«På den måten vil våre kunder ha en mulighet til å planlegge andre feriereiser i sommer, samtidig som vi i Ving kan legge planer for nye, fantastiske reiser til høsten og vinteren», skriv Ving på sine nettsider.

Avgjerda påverkar 32.000 reisande, opplyser Ving til DN. TUI vil ikkje oppgi kor mange reisande som er påverka av avgjerda.

– Får pengane tilbake

Kundane treng ikkje gjere noko spesielt for å få betalt tilbake, melde Ving til Nettavisen måndag.

– Dei treng ikkje gjere noko. Alle kundar som er råka av reiseråd får ein e-post frå oss med tre val – ombooke reisa til eit seinare tidspunkt, få eit gåvekort eller avbooke reisa og få pengane tilbake, skreiv kommunikasjonssjef Siri Røhr-Staff i ein e-post måndag.

Virke reiseliv antydar at bransjen i verste fall må rekne med fem milliardar kroner i tapt omsetnad på grunn av avlyste feriebookingar frå mai til oktober.

– Uføreseieleg

Leiar Astrid Bergmål i Virke reiseliv synest UD sine nye reiseråd har skapt endå mindre føreseielegheit for norske reiseselskap:

– Dette er ein direkte konsekvens av den uføreseielegheita selskapa no står overfor som følge av regjeringa sine nye reiseråd. Reiseråda gir så stor uføreseielegheit at mange no ser at det blir umogleg for dei å gjere noko anna enn å innstille alt. Dette synest vi er utruleg synd, for internasjonalt reiseliv treng å komme i gang, seier Bergmål til E24 tysdag.



Artikkeltags