Gå til sidens hovedinnhold

Caritas: Mange arbeidsinnvandrarar testar seg ikkje av frykt for arbeidsgivar

I veke 1 og 2 kom det nesten dobbelt så mange nye simkort frå Polen og Litauen på det norske mobilnettet som det var personar frå desse landa som testa seg.

I alt 17.480 personar frå Polen og Litauen, som er dei to landa kor flest reiser til Noreg frå for å jobbe, vart koronatesta i Noreg i veke 1 og 2, ifølgje Folkehelseinstituttet. Samtidig auka talet på registrerte simkort frå Polen og Litauen med 31.612 på det norske mobilnettet i desse vekene, viser tal NRK har fått frå Telenor.

Det skjedde sjølv om det frå 2. januar vart innført obligatorisk koronatesting innan 24 timar for alle som kjem til Noreg.

Hjelpeorganisasjonen Caritas, som mellom anna jobbar med å hjelpe arbeidsinnvandrarar, meiner at mange ikkje testar seg av frykt for arbeidsgivar.

– Dette med testing, smittevern og arbeidsgivaransvar heng saman, og dei er redde for å melde frå og følgje reglane av frykt for å ikkje få jobb i Noreg, seier jurist Marta Frydrych Torkildsen i Caritas.

Ho meiner òg at vanskeleg tilgjengeleg informasjon, komplisert regelverk og stadige endringar er andre årsaker til at mange ikkje har testa seg.

Av 6.769 personar med påvist koronasmitta i veke 1 og 2, var 439 fødde i Polen og 89 i Litauen. Det utgjer nesten eitt av tretten smittetilfelle i Noreg i perioden.

Kommentarer til denne saken