(FIRDAPOSTEN): I starten av mai lak det ut fiskeolje frå Cargill sitt anlegg, og politi og brannvesen slo full alarm for noko ein meinte var eit utslepp på 100 kubikkmeter.
Oljen kom frå eit pumpehus og lekkasjen vart raskt stoppa. Meldinga om lekkasjen kom frå ein tilsett i Cargill. No melder iLaks at det var snakk om mellom 10 og 12 kubikkmeter olje, men dette vart avkrefta av kommunikasjonssjef Hanne Dankertsen.
Fiskeolje har leke ut i Gunhildvågen - slår full alarm
Har samla 15.000 liter olje frå sjøen etter utslepp
Då Firdaposten var i kontakt med henne, opplyste ho at det var snakk om ein ventil som hadde leke, men at ein ikkje kjende årsaka. No skal dei ha funne den:
– Dei interne undersøkingane for å finne årsaka til uhellet er no avslutta. Årsaka viste seg å vere ein mangel i det automatiske alarmsystemet som skal hindre utslepp. Det er no ordna opp i, opplyser Dankertsen til iLaks.