For ei stund sidan publiserte NRK P3 eit innlegg skrive av Camilla Sande Nielsen. Innlegget handla om at hestejenter får ekle kommentarar frå folk utanfor miljøet.
Sande Nielsen er frå Florø, men bur på internat på Mo. Her går ho i andre klasse på hestelinja ved Mo og Øyrane vidaregåande skule.
«Kan du ri meg?»
Sande Nielsen seier ho vert kontakta av miljøkoordinator på skulen som lurte på om ho ville skrive ein kronikk i NRK. Temaet skulle vere hest. Dette takka ho ja til.
– NRK spurde om eg kunne skrive innlegg om korleis folk som ikkje er i hestemiljøet, ser på dei som driv med hest, seier ho.
Då hadde ho mange eksempel. Ho har nemleg fått fleire kommentarar på at ho driv med hest. Det er ho ikkje åleine om.
– Eg snakka litt med dei andre i klassen og vi har fått mange av dei same kommentarane, seier ho.
– Kva kommentarar har du fått?
– Eg har blitt spurd av gutar om eg kan ri dei. Det er ubehageleg. Elles er det mange som seier at «hesten gjer all jobben», fortel Sande Nielsen.
Når ho har fått stygge kommentarar, prøver ho å ikkje ta dei til seg. Til dei som meiner at hesten gjer all jobben, svarer ho gjerne humoristisk og inviterer dei til å vere med i stallen og sjå korleis det er.
– Slike kommentarer kan ein gjerne tole, men eg synest det er eit dumt spørsmål, seier ho.
Sande Nielsen seier at ho toler, men likevel er lei av å få den kommentaren.. Ho seier vidare dei heller kan spørje kva ho gjer på i stallen.
– Men dersom nokon skriv ekle kommentarar på sosiale medium, blokkerer eg dei. Eg vil ikkje la dei gå inn på meg, fortel ho.
– Kva var målet med å skrive innlegget?
– Eg ville gje beskjed om at eg er lei av kommentarane, seier ho.
Sande Nielsen fortel at ho har fått veldig gode tilbakemeldingar etter innlegget.
– Då eg var i praksis, var det nokon som kom bort til meg og sa at dei hadde begynt å ri etter innlegget, seier ho.
– Og så har eg fått positive tilbakemeldingar frå medelevar og lærarar her på skulen, legg ho til.
Ville skrive om HMS
Det første ho tenkte å skrive om, var HMS i hestelinja, og då spesielt tryggleik. Ho seier at det er noko sikkerheitsutstyr som kan vere lurt å bruke, men som mange, inkludert ho sjølv, ikkje brukar.
– Vernesko må vi eigentleg bruke, men det er få av oss som gjer det, fortel Sande Nielsen.
Alternativet er sko med vernetupp, men ho seier at hennar erfaring er at dei ikkje fungerer like bra. Sjølv brukar ho fjellsko. Ho seier at dei fleste har kjøpt vernesko, men når dei ser at andre ikkje brukar det så gjer ikkje dei det heller.
– Men det er veldig sjeldan eg blir tråkka på, seier ho.

For to år sidan tok legane begge beina til Oddvar (75). No køyrer han med hest
Vil jobbe med hest
Sande Nielsen fortel at første gong ho sat på ein hest var ho tre år.
– Søstera mi har hatt hest. Eg har ridd litt med ho, seier ho.
Ho begynte med ridetimar i 5. klasse, og så meir aktivt då ho begynte på hestelinja. På skulen låner ho hest.
Ho ser føre seg å jobbe med hest. Ho vurderer å gå ut i lære i dressurstall etter påbygg, elles kunne ho tenke seg å jobbe som berider.
– Kva er det?
– Det er arbeid med opptrening av unghestar frå dei er tre år. Opptrening til for eksempel dressur, fortel Sande Nielsen.
Då kjem ho til å flytte til anten Sverige eller Danmark. Plan B er å bli hesteveterinær.
– Det er veldig få hesteveterinærar i Sunnfjord og Sogn og Fjordane, seier ho.

Førdebonden tok arbeidshesten med på utstilling. Vart best av alle

Førdianar til VM i dressur: – Vanskeleg å skildre kjenslene
