Byter klubb og siktar seg inn mot «magisk» grense: – Viktig med hårete mål

NY DRAKT: Elise Thorsnes flyttar til hovudstaden når ho no skal kle seg i den blå VIF-drakta.

NY DRAKT: Elise Thorsnes flyttar til hovudstaden når ho no skal kle seg i den blå VIF-drakta. Foto:

Elise Thorsnes (32) skal dei neste to åra spele for Vålerenga.

DEL

(SOGN AVIS): Torsdag kveld signerte ho for den regjerande serie- og cupvinnaren. Det melder klubben sjølv fredag. Thorsnes kjem frå Avaldsnes, men har tidlegare spelt for ei rekkje klubbar, blant dei Kaupanger.

– Dette gler eg meg stort til, seier Thorsnes til klubben sine nettsider.

Jaktar to hundre målsus

Poteta frå Leikanger likte spesielt signala om at ho skal spele spiss, og dermed får sjansen til å pynte på eigen målrekord. Heile 178 nettkjenningar har ho i Norge, meir enn nokon annan.

No siktar ho seg mot å passere to hundre nettkjenningar før karrieren er over.

– Det er viktig å sette seg nokre hårete mål, seier Thorsnes.

Trenar Jack Majgaard Jensen er glad for å få målgarantisten dei har jakta på.

– Hos oss skal ho få lov til å vere den goalgetteren vi alle veit ho er, seier han til vif-damefotball.no.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken