Tine skal kutte 450 millionar. Her er konsekvensane for Byrkjelo

Tine skal kutte 450 millionar, det får også konsekvensar på Byrkjelo.

Tine skal kutte 450 millionar, det får også konsekvensar på Byrkjelo. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Tine skal spare inn 450 millionar i 2018. – Vi må gjere produksjonen mest mogleg effektiv, seier meierisjef Thorkild Heieren.

DEL

I fjor selde Tine meierivarer for 22.511 millionar kroner, mot 22.569 millionar året før. Driftsresultatet vart 1.537 millionar, samanlikna med 1.716 året før, skriv E24.no.

– Vi skal redusere 15 årsverk på to år, men det visste vi om frå før av, seier meierisjef Thorkild Heieren.

Altså er ikkje nedbemanninga på Byrkjelo eit resultat av årsresultatet i 2017. Det vert likevel nokre konsekvensar for meieriet i Gloppen:

– Vi må gjere produksjonen mest mogleg effektiv. Vi skal bruke døgnet i større grad. I tillegg skal vi doble brunostproduksjonen. Då går vi frå 1,5 skift til to skift på brunostproduksjonen, fortel Heieren.

Meieristyrar på Tine Byrkjelo, Thorkild Heieren.

Meieristyrar på Tine Byrkjelo, Thorkild Heieren. Foto:

Årsresultatet til Tine, kan mellom anna forklarast av den auka konkurransen i meierisektoren. Konkurrenten Q-meieria auka salet sitt med 16 prosent i fjor og har no ein marknadsdel på 23 prosent, ifølge E24.no

Les også: I dag hadde Ole Bent siste dag på jobben han har hatt i 25 år

Artikkeltags