Byrkjelo-brunost vann ærespris

ÆRESPRIS: Denne osten frå Tine sitt meieri på Byrkjelo vann æresprisen under International Food Contest i Herning i Danmark.

ÆRESPRIS: Denne osten frå Tine sitt meieri på Byrkjelo vann æresprisen under International Food Contest i Herning i Danmark. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: Tine Meieri på Byrkjelo fekk æresprisen for sin «Ekte Geitost» i internasjonal matkonkurranse.

DEL

Æresprisen fekk dei tildelt på International Food Contest i Herning i Danmark. Konkurransen er ei av verdas største matutstillingar.

I meir enn 100 år har meieriprodukt blitt vurdert og premiert på utstillinga, som også er ein fagleg møtestad for meieribransjen.

– Dette set vi på Byrkjelo stor pris på. Bak ligg det stor innsats i alle ledd. Dette stadfestar også at Tine sine produkt hevdar seg godt i konkurranse med meieriprodukt frå våre naboland, seier meierisjef Thorkild Heieren, i ei pressemelding.

Meierisjefen er både glad og stolt på vegner av medarbeidarane på Byrkjelo.

Totalt deltek om lag 1500 ostar, smør og konsumprodukt.

Artikkeltags