Litt for «Kvikk» i svingen

KVIKK I SVINGEN: ein av leveransebilane til logistikkfirmaet har fått seg ein  tur utfor vegen i Gloppen.

KVIKK I SVINGEN: ein av leveransebilane til logistikkfirmaet har fått seg ein tur utfor vegen i Gloppen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Det gjekk i kvikkaste laget for Kvikkas torsdag morgon.

DEL

- Det går vel i kategorien «å ta ein kvikkas», seier den forbipasserande tipsaren.

Mannen skulle levere ungane på skulen i Byrkjelo, og kom over leveransebilen til  på vegen. Der sat ein mann i bilen, men bilen var parkert.Tipsaren publiserte bildet på sin Facebook-profil.

– Det var underkjølt regn og svært glatt. Han har nok vore litt for «Kvikk» i svingen på Fløtrahallet, og køyrt ut av vegen, trur han.

Ukjent for Kvikkas sjølv

Då vi ringer Kvikkas for å høyre kva som har skjedd, er driftssjefen overraska.

– Dette har eg ikkje høyrt om, så det kan eg ikkje svare på, seier driftssjef Jarle Oppedal, og meiner det kan vere ein bil som ikkje er i regi av Kvikkas lenger.

Eitt par timar seinare, ringer Oppedal opp att.
– Det er ein av våre bilar som har køyrt av vegen, seier han. Det resulterte i verken forseinking eller skadar, og difor var det ikkje meldt inn til firmaet.

Artikkeltags