Høgsterett har bestemt at Hole ikkje er frikjent likevel

SKAL I RETTEN IGJEN: Bjarne Hole frå Byrkjelo blei meld til politiet for å ha grove i fredag kulturminne. I april blei han dømt til tingretten, men anka til lagmannsretten, som frikjente han. No har Høgsterett avgjort at saka skal behandlast på nytt.

SKAL I RETTEN IGJEN: Bjarne Hole frå Byrkjelo blei meld til politiet for å ha grove i fredag kulturminne. I april blei han dømt til tingretten, men anka til lagmannsretten, som frikjente han. No har Høgsterett avgjort at saka skal behandlast på nytt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: No skal lagmannsretten behandle saka til Bjarne Hole på nytt.

DEL

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Påtalemakta meiner lagmannsretten har tolka lova feil, då dei frikjente Bjarne Hole for å ha brote kulturminnelova ved å grave i eit freda kulturminne.

Dei anka saka til Høgsterett, som no har avgjort at saka på nytt skal opp i lagmannsretten, skriv NRK.

Blei frikjent i oktober

I april møtte Bjarne Henry Hole frå Byrkjelo i Fjordane tingrett. Han var tiltalt for å bryte kulturminnelova ved å gjere inngrep i sikringssona til eit automatisk fredag kulturminne og for å ha delvis øydelagt kulturminnet, då han grov langs veggen på verkstadbygningen sin på byrkjelo.

Det var kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune som melde han til politiet.

Han blei dømt til 40.000 kroner i bot og fengsel på vilkår, men anka dommen til lagmannsretten. Der blei han frikjent i oktober.

Artikkeltags