Klokka 16.03 laurdag fekk naudetatane melding om at det hadde byrja brenne i ein butikk-kafé i Iglandsvik i Bremanger. Det kom røyk ut frå ventilasjonsanlegget. Det var ikkje brann i sjølve lokala.
Politiet melder på Twitter at dei som var på staden vart evakuert. Ingen skal vere skadd. Brannvesenet kom til staden og sløkte brannen.