— Framfor her ser du ikkje eit steike støv!

OVERRASKA: Her går det opp for Tallak Hugøy kor lite ein ser framfor ein stor bil.

OVERRASKA: Her går det opp for Tallak Hugøy kor lite ein ser framfor ein stor bil. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BYGG: Store maskiner har store blindsoner. Entreprenør Aurstad inviterte elevar inn i styrehusa for å sjå sjølve.

DEL

Øyvind Holsvik, HMS-rådgjevar for Aurstad AS, forklarer kor mykje føraren ser framfor ein stor anleggsmaskin:

– Framfor her ser ikkje vi eit steike støv, som vi seier på Sunnmøre!

Han har stilt opp ein gjeng elevar framfor ein såkalla førtitonnar, det vil seie ein stor dumper. Nær heile avgangsklassa i anleggsteknikk frå Mo og Øyrane vgs. får plass innanfor blindsona til føraren. Elevane tar tur om å prøve å sitte i førarhuset. Det vart ein augeopnar for mange:

– Det var overraskande kor lite du såg. Det var mykje blindsone, seier Tallak Hugøy.

Han har køyrd maskin før, men ikkje av den storleiken som er å finne på anlegget til Aurstad.

BLINDSONE1: Her ser vi elevane framfor ein stor lastebil. Det raudfarga området illustrerer blindsona til føraren.

BLINDSONE1: Her ser vi elevane framfor ein stor lastebil. Det raudfarga området illustrerer blindsona til føraren. Foto:

BLINDSONE2: Her ser vi den same oppstillinga frå førarsetet.

BLINDSONE2: Her ser vi den same oppstillinga frå førarsetet. Foto:

Sjokkerande oppførsel

LANG ARM: Dag Raad skrittar opp rekkevidda til si 80-tonns gravemaskin. Han kjem til ein aksjonsdiameter på 26 meter.

LANG ARM: Dag Raad skrittar opp rekkevidda til si 80-tonns gravemaskin. Han kjem til ein aksjonsdiameter på 26 meter. Foto:

SER DU NOKO? Silje Bakke Nesbø får prøve å sitje inne i gravemaskina mens medelevane går rundt maskina.

SER DU NOKO? Silje Bakke Nesbø får prøve å sitje inne i gravemaskina mens medelevane går rundt maskina. Foto:

HMS: Øyvind Holsvik forklarer medan ein såkalla førtitonnar dundrar forbi.

HMS: Øyvind Holsvik forklarer medan ein såkalla førtitonnar dundrar forbi. Foto:

– For nokre år sidan var vi på ein byggeplass og vart sjokkerte over at handverkarar kom berande med material tett oppi maskinene våre. Maskinførarane var redde for å køyre på folk fordi dei ikkje såg dei, seier Holsvik.

Entreprenørfirmaet frå Sunnmøre tok grep og starta kurs og kampanjar for å synleggjere kor store blindsonene er på gravemaskiner og lastebilar. Måndag inviterte dei elevar frå vidaregåande skule til å sjå sjølve.

– Vi ønsker å auke bevisstheita om blindsonene på storbilar for alle som jobbar for oss. Folk må komme inn i maskina og sjå kor lite ein ser. Ein storbil treng veldig lang bremselengd. Synsfeltet byrjar gjerne fem-seks meter framfor fronten. Ofte har vi kombinasjonar av maskiner som gjer ein jobb og andre maskiner på veg forbi til sin del av anlegget, seier Holsvik.

Store maskiner

Etterpå får elevane prøve ei stor gravemaskin på 80 tonn. Den har 13 meter svingradius, det vil seie alt grabben kan nå alt innanfor ein 26 meter stor sirkel. Sjølv om den når langt, er sikta endå dårlegare enn på dumparen. Holsvik kommanderer elevane til å stå på forskjellige plassar rundt maskina. Silje Bakke Nesbø får sitte i styrehuset.

– Du ser veldig lite. Eg visste det var mange som var bak maskina, men eg såg dei ikkje før dei kom 2–3 meter ut. Når dei står bak maskina, ser du ingenting, seier Nesbø.

Dag Raad frå Gloppen køyrer maskina til vanleg.

– Bak og til høgre for maskina ser vi nesten ingen ting. Vi har kamera, men dei kan ein ikkje alltid lite på. Folk har ein tendens til å gå altfor tett oppi arbeidsmaskinene, seier Raad.

– Det er kjekt for dei å få komme inn og sjå på eit anlegg med så store maskiner, når Aurstad tek seg tid til å demonstrere. Desse elevane skal ut i lære til sommaren, der dei stort sett vert maskinførarar, seier Age Støfring, lærar på VG2 anleggsteknikk.

Skape respekt

Entreprenøren Aurstad AS jobbar mykje med infrastruktur som til dømes vegbygging. Dei er for tida i full gang med å gjere grunnarbeidet ved det som skal bli Sunnfjord næringspark på Moskog. Førebels har dei flytta 150.000 kubikkmeter med masse innanfor det 90 mål store området.

– Vi ønsker å skape litt meir respekt for dette med anleggsmaskiner. Dette er heilt vanleg i dagleglivet, mange går forbi ein byggeplass nesten dagleg. Vi veit ikkje kor vanskeleg forholde førarane har, seier Holsvik til slutt.

Artikkeltags