Klokka 03.30 fekk politiet melding om eit steinras på Skjerdalsvegen i Aurland kommune.
Raset gjekk over fylkesveg 5625, og vegen er sperra etter raset. Det fortel operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt.
– Vi har fått avklara at ingen ere tekne av raset, men dette er ein blindveg, så det er nokre hus nord for raset som er isolerte, seier Knappen.
Raset er såpass stort at det er behov for maskiner for å fjerne det, seier Knappen.
Aurland kommune har overteke den vidare handsaminga av saka.
Skjerdalsvegen går til den vesle grenda Skjerdal, som ligg kring seks kilometer nord for Aurland sentrum.
Merk: Kartmarkøren viser posisjonen til fylkesveg 5625, og ikkje nødvendigvis den eksakte posisjonen til raset.