Bustadhus stod i full fyr – tre personar har redda seg ut

DEL

Tre personar har greidd å redde seg ut frå eit brennande bustadhus i Måløy sentrum onsdag.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 11.00.

Det er fleire bueiningar i huset og det var totalt tre personar i bygget då brannen starta.

To av dei har fått i seg noko røyk, melder Vest politidistrikt.

– Helsepersonell har tatt desse med seg til ein sjekk. Vi veit ikkje noko om kor alvorleg det er, seier Siv Sørstrand, vaktleiar hos Alarmsentralen.

– Brannen blei sløkt ganske raskt, seier Sørstrand.

Brannårsaka er førebels ukjent, men vil gjere undersøkingar på staden etter kvart, melder Vest politidistrikt.

Artikkeltags