Bussjåfør vart stoppa i kontroll. Hadde ikkje lov å køyre som yrkessjåfør

Fleire sjåførar måtte punge ut onsdag kveld, og ein av dei måtte ut med over 13.000 kroner.

DEL

Onsdag kveld hadde Statens vegvesen kontroll ved Håbakken på E16. Der måtte ein av førarane betale 13.100 kroner i overlastgebyr fordi vogntoget var lasta feil. Føraren måtte parkere for natta og ordne opp på Håbakken torsdag.

Ein anna førar fekk også gebyr for feillasting, og måtte betale 4700 kroner. Her ordna føraren opp på staden.

Bussjåfør hadde ikkje yrkessjåførkompetanse

Ein bussjåfør blei meldt til politiet for å ikkje ha yrkessjåførkompetanse. Bussen måtte parkere på staden og vente på ein ny sjåfør. Bussen hadde ingen passasjerar.

To førarar som køyrde fleirbemanning i same vogntog vart begge meldt til politiet for brot på køyre og kviletid. Dei hadde begge to 4 timar og 56 minutt kvile i løpet av ein 30-timars periode. Dei hadde også køyrt utan bruk av sjåførkort. Dei vart pålagt ei ny døgnkvile på ni timar før dei fekk køyre vidare.

Eit vogntog fekk køyreforbod på grunn feil ved merking for transport av farleg godt, og for manglande påkravd utstyr i køyretøyet for ADR transport.

Artikkeltags