Bussar får maksimalt vere halvfulle

Av
DEL

Berre halvparten av passasjerkapasiteten på offentlege transportmiddel kan nyttast i dagane og vekene framover.

Det går fram av koronarettleiinga for kollektivtransporten som regjeringa offentleggjorde tysdag ettermiddag.

Alle transportselskapa må utarbeide rutinar for å hindre trengsel. For å sikre tilstrekkeleg avstand mellom dei reisande, bør maksimalt 50 prosent av passasjerkapasiteten på transportmiddelet brukast.

Det blir vidare tilrådd at passasjerane sit spreidd, til dømes på annakvart sete, men med unntak for husstandsmedlemmer.

– Kvardagen er på veg tilbake med barnehagar og skular som blir opna for mange. Etter kvart som no fleire kjem til å reise, trengst det gode og praktiske løysingar for smittevern i den offentlege transporten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

I rettleiinga, som er utarbeidd av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, blir det understreka at alle reisande bør få informasjon om at dei ikkje skal bruke offentlege kommunikasjon dersom dei har luftvegssymptom, eller viss dei er i heimekarantene eller heimeisolasjon.

Rettleiinga gjeld buss, tog, trikk, båt, ferjer og andre offentlege transportmiddel.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken