Vegtrafikksentralen Vest melde klokka 09.28 torsdag at E39 Matrebergtunnelen i Gulen var stengt.

Årsaka var at ein buss hadde stoppa inne i tunnelen.

Trafikkoperatør Christer Eide ved Vegtrafikksentralen Vest fortel til Firda at situasjonen no skal vere løyst, og bussen har kome seg ut av tunnelen.

– Det er avslutta, og trafikken går som normalt, seier han.

Han understrekar at det pågår leiebilkøyring gjennom tunnelen, og at det var i samband med denn at dei oppdaga at det vart trafikkstans.

– Vi såg då på kameraet at det stod ein buss i tunnelopninga med naudblink på. Men denne har kome seg vidare, seier Eide.