Gå til sidens hovedinnhold

Buss sklei inn i lastebil i Sogn

Ein buss sklei fredag morgon inn i ein lastebil som hadde køyrt seg fast på Lustravegen i Sogn. Det melde politiet like før klokka 09.

Ingen er skadde etter hendinga, men vegen er stengd i vente på bilbergar og strøbil, opplyser politiet.

På same vegen køyrde ein bil utfor tidlegare fredag morgon. Heller ikkje der vart nokon skadde. Politiet melder at det var glatt på staden.

Les også

Buss har sklidd inn i lastebil i Sogn. Politiet: – Kø og kaos

Kommentarer til denne saken