Buss og personbil har kollidert i Hafslo

DEL

Politiet melder at ein buss og ein personbil har kollidert ved Heggemyrane i Hafslo. Dei fekk melding om ulykka klokka 16.26.

Det var ein person i bilen og tre personar i bussen. Så langt politiet kjenner til 20 minutt etter dei fekk meldinga, så er det ikkje meldt om fysiske skader på nokon av dei involverte. Føraren av bilen verkar å vere i sjokk.

– Fartsgrensa på staden er 80 kilometer i timen, og personbilen står på tvers og sperrar for trafikk, melder politiet.

Klokka 16.50 er nokre av naudetatane framme, melder politiet. Dei kjenner så langt ikkje til kva som er årsaka til kollisjonen.

Artikkeltags