Rv. 13 Stedjebergtunnelen i Sogndal vart onsdag morgon stengd grunna eit trafikkuhell. Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 08.08.
Ifølge politiets operasjonssentral var det ein buss og ein bil som var involvert.
– Ulykka har skjedd eit stykke før munninga av Stedjebergtunnelen, på Leikangersida, sa Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til Sogn Avis.
Klokka 08.15 var naudetatane framme på staden. Sogn Avis fekk opplyst at det skal ha vore to personar i personbilen, men det er uvisst kor mange personar som var i bussen. Det er ikkje opplyst om personskadar.
Klokka 09.12 blir det meldt at tunnelen er opna for trafikk att. Det vert også opna for det politiet omtalar for «tilnærma fri ferdsel».
Meir om ulykka:
