Like etter klokka 16.30 måndag melde politiet at ein buss med 12 passasjerar hadde køyrd i fjellveggen i Flenjatunnelen i Flåm.
Ulukka skjedde ca. 3 kilometer inn frå i Flåm-sida.
Ingen vart skadde, men bussen fekk materielle skadar som følgje av ulukka.
– Det var elleve passasjerar og éin sjåfør i bussen då ulukka skjedde. Ingen av desse skal vere skadde, men ein ambulanse er send til staden for å gjere ei vurdering. Bussen har fått skadar, men er køyrbar, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt litt før klokka 17.00.
Både Flenjatunnelen, Fretheimtunnelen og Gudvangatunnelen vart stengde for å unngå kø.
Kva som er årsaka til ulukka er førbels ukjent.
Tungbilbergar er venta på staden ca. klokka 18.45.
Like etter klokka 18.00 vart Gudvangatunnelen og Fretheimtunnelen opna igjen, medan Flenjatunnelen opna klokka 21.15.