Buss køyrde av vegen på E16

DEL

Vegtrafikksentralen melde onsdag ettermiddag at ein buss hadde køyrt av vegen i Lærdal.

Ulykka var på E16, like før innkøyrsla til Lærdalstunnelen, ifølge Vest politidistrikt.

– Det skal ikkje vere personskadar. Det var berre føraren i bussen, ikkje passasjerar. Det skal ha vore fleire bussar som har køyrt i følge. Vi er på staden no og prøver å undersøke meir om kva som eigentleg har skjedd, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt i halv fire-tida.

Bussen blei berga av bilbergar i 16.30-tida.

Det skal ikkje vere mistanke om rus.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 15.02.




Artikkeltags