I Firda 20. april spør Gunnstein Brakestad, leiar for Sunnfjord Kunstlag, om tradisjonane omkring bunadsbruk står for fall. Dette gjer han i samband med avslutningsseminaret til prosjektet NåDa Ungdom, samtidskunst og kulturminne. I prosjektet har fire unge kunstelevar har arbeidd fram nye uttrykk, basert på bunad og folkedrakttradisjonen.

Les også

Bunadsbruk – står tradisjonane for fall?

I innlegget syner Brakestad til fleire av dei siste åras offentlege ordvekslingar, som Sahfana Mubarak Ali sin broderte bunadshijab og bunadsprodusenten Embla sin kjønnsnøytrale bunad. Til tider har det vore krasse og kjenslefulle ordskifte, nokre gonger med diskriminerande undertonar. I år har bunadsskjorter med fargerike mønster vore den heite poteten. Diskusjon er viktig, og det er mange viktige tema knytt til bunad og bunadsbruk.

Forvaltning og respekt for eit levande handverk, berekraft og økonomi er nokon. Men, bunadsdebatten har ofte mange sjølvutnemnte ekspertar som gjer den viktige diskusjonen om bunaden, som tradisjon og symbol, både polarisert og konstruktiv.

Eg meiner, både personleg og som kulturhistorikar, at bunaden og bunadsbruken er noko vi bør vera stolte av. Ikkje fordi den reprenterer ein urgamal norsk kulturarv. Men, fordi det gjennom Hulda Garborg sitt arbeid på mange måtar er ein del av det demokratiske prosjektet Noreg frå tidleg 1900-tal, til liks med dialektar og det nynorske språket.

Med få unntak er dei fleste bunadar laga dei siste 100 åra. Ofte basert på historisk materiale, og med stor kjennskap til og grundig arbeid med kjelder. Hulda Garborg, den moderne bunaden si mor, ynskte med arbeidet sitt å løfte fram norsk klesskikk, gjennom material- og tradisjonell draktbruk.

Men, det var også for å løfte fram element av det gamle inn i den moderne tida. Eit viktig mål med dei nye draktene var å lage klede som (særlig) kvinnene kunne bevege seg friare i. Garborg laga sjølv si ei eiga drakt basert på tradisjonell draktskikk frå Hallingdal, men tilrettelagt for ei moderne kvinne på tidleg 1900-tal.

For mange er bunaden nært knytt opp mot identitet. Lokal, som nasjonal. Bunaden kan markere, og gjere deg stolt av, kvar du er ifrå, eller kanskje viktigare, kvar du kjenner deg heime. Men kva med dei som av ulike årsaker ikkje kjenner seg heime i den lokale bunaden sin? På grunn av kjønn- , eller etnisk tilhøyr? Grunna uskrivne meiningar og tradisjonar, at ein kjenner seg og for nasjonalistisk? Eller rett og slett storleik? Korleis kan desse best mulig ta del i denne felles identiteten?

I år vart norsk bunadsbruk nominert til UNESCO si liste over immateriell, eller levande kulturarv. Ikkje bunaden som ein ting eller handverket som ligg bak, men den levande bruken, eller tradisjonen, mange av oss bidreg med. På høgtidsdagar og merkedagar, i glede og sorg.

Frå eit kulturhistorisk utgangspunkt er ein tradisjon knytt til eit kollektiv, og den må vera relevant og aktuell for dette kollektivet for at den ikkje skal døy ut. Dette skjer ofte over tid. Dei tradisjonelle folkedraktene mange bunadar har utspring frå er døme på dette. Motebilde frå Europas hovudstadar tok seg fram til norske bygder, og har sett sitt preg vi kan sjå igjen i dagens bunader. På same måte har andre tradisjonsuttrykk forsvunne ut av bruk sidan det har mista sin aktualitet.

Ein tradisjon vil alltid vera i utvikling. Samfunnet vi lever i har blitt meir mangfaldig og individuelt, od det har kome nye oppfinningar. Dette ser vi også i bunadsbruk dei siste hundre åra. Mange av oss brukar moderne strømpebukser, stakklengda har auka , bruken av tradisjonelle hovudplagg har minka, og hårbøyler og paraplyar har kome til. Det vil ikkje seie frislepp og at alt skal vera lov. Men, det treng heller ikkje vera ei motsetning mellom nye uttrykk og historisk bruk.

Kjelder syner ein stor variasjonsrikdom i draktbruken og dukkar du ned i materialet kan du trulig finne mindre eller større detaljar som passar deg. Det same gjeld for heilt nye uttrykk, og som også blei gjort med den kjønnsnøytrale bunaden til Embla eller Sahfana Mubarak Ali sin hiljab. Dette var klesplagg som ikkje var aktuelle i bunaden sin barndom, men som i dagens samfunn er viktige å gje rom for.

17. juni opnar utstillinga Skakke folkedrakter på Valdres folkemuseum. I utstillinga har seks samtidskunstnarar arbeidt med norsk tradisjonshandverk, som draktbruk – i form av material, teknikk og symbol. Kunstnarane har også tatt utgangspunkt i med tema kring identitet, om å høyre til, og om å ikkje høyre til – og som den årlige bunadsdebatten sirklar rundt.

Resultatet er kunstverk med respekt for det tradisjonelle og som tek opp viktige spørsmål knytt til det å vera norsk, å høyre til og å kjenne seg heime. 19. november opnar utstillinga hjå oss på Sunnfjord museum. Vi ynskje vel møtt, og håpar de både vil delta i debatten og samtidig auke kunnskapen både om drakt, tradisjonar, og identitet. Men fyrst, god bunadsmånad!

Les også

Amerikanarar reiser til Viksdalen for å lære av Marit