Bulandet fiskeindustri risikerer å måtte betale 65.000 kroner meir i året for å få varene sine ut

– VI har mykje verdiskaping her ute i øyane, med fiskebåtar, fiskeoppdrett og fiskeindustri. Om ein ser på samfunnsrekneskapen burde det vere nok til å finansiere ferja, men slik er det dessverre ikkje, seier Per Arild Tysse.