Maksprisen i barnehagane blir redusert frå 3.315 til 3.050 kroner per månad, stadfestar kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) overfor TV 2.

Det vil komme fram i det alternative statsbudsjettet til Støre-regjeringa, som blir lagt fram 8. november.

– Det er eit kraftfullt signal om at dette er noko regjeringa prioriterer. Vi ønskjer at folk skal sitje igjen med moglegheita til å velje – men også ha meir pengar på konto når rekningane er betalte – og sørgje for at pris i alle fall ikkje er eit hinder for å ha barn i barnehagen, seier Brenna til TV 2.

Den foreslåtte nyprisen skal innførast frå 1. august neste år. Med heilårsverknad vil det koste staten 690 millionar kroner årleg.

(©NPK)