Bubilførar i 50-åra vart stoppa i Stryn

DEL

– Ein annan bilførar reagerte på køyringa, opplyser operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Tatiana Knappen.

Politiet melde klokka 03.00 natt til torsdag at dei stoppa ein bubil i Stryn.

Etter meldinga frå observatøren sende dei ut ein patrulje som følgde bubilen, og valde å kontrollere føraren, som var ein mann i 50-åra.

Mannen skal ha vore rusa og vart sendt til Nordfjord legevakt for blodprøve.

Førarkortet hans vart beslaglagt og det er oppretta sak på forholdet.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags