Gå til sidens hovedinnhold

Bubil tok fyr i Selje. Brannvesenet rosar folk med hageslange

Natt til laurdag tok det til å brenne i ein bubil på Kjøde i Selje i Nordfjord. Det melde 110 Vest-sentralen klokka 00.45.

Bubilen skal ha stått inntil ei garasje. Ingen personar oppheldt seg inni bilen. Personar på staden skal ha klart å slå ned på flammane ved hjelp av hageslange medan dei venta på brannvesenet.

Klokka 01.04 meldte 110 Vest-sentralen at brannvesenet var framme og brannen sløkt. Personane på staden fekk ros for å ha gjort ein «fantastisk jobb» med hageslange.

Les også

Anders (25) skulle eigentleg berre på ein badetur. Så oppdaga dei brannen

Les også

Kommunen møtte dei brannråka: – Har funne ei løysing til dei involverte

Kommentarer til denne saken