Gå til sidens hovedinnhold

Bubil har køyrt utfor vegkanten i Vik

Ein bubil har fått eit hjulpar utfor vegkanten på fv. 13 mellom Vik og Vangsnes.

Det melder Vest politidistrikt klokka 12.44 på Twitter.

Uhellet skjedde i samband med ein møtesituasjon mellom bubilen og eit større køyretøy.

Det er ikkje meldt om personskadar, men det er manuell dirigering på staden fram til bilbergar har fått bubilen på vegen att.

Klokka 13:04 melder Vegtrafikksentralen at vegen er stengt i samband med bilberging.

Vegen vart opna for trafikk att klokka 13:57, melder Vegtrafikksentralen.