Under ein laserkontroll tysdag på riksveg 15 ved Haugen, enda det opp med at fire sjåførar fekk forenkla førelegg. Høgste målte fart var 102 km/t. Ni andre personar fekk forenkla førelegg for mobilbruk, melder UP.

Onsdag hadde UP ny fartskontroll, denne gongen på Kjøs ved riksveg 15. Her fekk sju sjåførar forenkla førelegg for fart. Den som trakka hardast på gassen køyrde i 96 km/t. Ein anna sjåfør brukte mobiltelefon og fekk med seg heim ei bot for dette.