I Firda 14 april hadde Margrethe Vie Myren eit innlegg til ettertanke. Flytting av FUSK (Førde ungdomsskule) til Hafstad vidaregåande skule bør ikkje gjennomførast. Dette fordi FUSK er ein velfungerande skule der den ligg i dag, og Hafstad vidaregåande skule kan brukast til noko anna.

Då den i år 2000 (ca) vart teken i bruk som skule, og sidan har fungert som skule, er vel ikkje bygget øyremerka som skule i all framtid vil eg tru. No når Sunnfjord kommune har teke over dette flotte bygget i sentrum av Førde, har kommunen ein unik sjanse til å etter komme seniorane sitt behov for eit eldresenter. Dagunn Klakegg har ved fleire høve etterlyst eit eldresenter, men har enno ikkje fått gehør for dette.

Hafstad vidaregåande skule må være godt eigna til dette, då det er sentrumsnært, tilrettelagt både for gåande og køyrande og, ikkje minst med inngang på gateplan. Med enkle tiltak utan at det vil koste for mykje må dette la seg gjennomføre. Resten av bygget kan leigast ut til andre formål.

Som Margrethe Vie Myren skriv i innlegget sitt: « Det kan være lurt å tenke seg om og ta vare på gode miljø».

Når det gjeld val til hausten, så stiller eg meg i køen for tvilarane.

Les også

Eldreomsorga i Sunnfjord

Les også

Vektløfting eller eldreomsorg i Sunnfjord kommune?

Les også

Omsorgsplanen – draumen som brest?

Les også

Mangel på kunnskap eller manglande vilje til prioritering?

Les også

Tid for litt research, Helge Johnsen?