Brua over elva

Vedtaket i kommunestyret var triste greier, skriv Per Fimland.

Vedtaket i kommunestyret var triste greier, skriv Per Fimland. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Vedtaket i kommunestyret var triste greier!

Gevinsten i det vedtaket som vart gjort er berre og blott at ein, i eit tenkt tilfelle fram i tid, kan spele ein kamp med 11 spelarar på kvart lag, i staden for å spele den same kampen på ei av dei to banene i Hafstadparken eller den på Halbrend. Med administrasjonen si sjenerøse tilråding (alternativ 5) ville fotballen fått ei ekstra 9-arbane med på kjøpet, men nei då, det var ikkje godt nok. Laksen må vike!

Argumentasjonen er som følgande: Alle positive felles verdiar vi har, og som vi alle er samde om, kultur, idrett, barneidrett, folkehelse, frivillighet, dugnad, nasjonaldagen, heimebane, paradegate, samhald – alt i ei herleg røre – blei lagt i vektskåla for å berge nokre få kvadratmeter med fotballbane på kostnad av Laksen! Og demagogien her er enkel, er du imot alternativ 7 er du imot alt som er positivt! Og masse medlemer i idrettslaget og AP/SP som er engasjert i andre idrettar, kulturaktivitetar, dugnad, nærmiljøaktivitetar mv. er no forbanna og fortvila fordi dei er blitt tatt til inntekt for vedtaket om å fjerne Laksen og dessutan ei dårleg vegløysing. Difor meiner eg at vedtaket også skadar idrettslagets truverd og integritet. Og når formann i idrettslaget uttalar til Firda at «Saka har vist at Førde-patriotismen lever» så må eg halde meg fast! For det betyr vel at han meiner at dei 69 % som heller ville bevare laksen ikkje er gode patriotar! Men, Arne Helgheim, du gjorde berre jobben din, og den gjorde du med glans, det er politikarane i kommunestyret som har ansvaret for vedtaket, ikkje du!

Men uansett; politikarane gjekk på denne limpinnen! Leiarane for AP/SP selde inn vedtaket i torsdagens kommunestyremøte med å forespeile at ein kunne legge vegen på pelar og kulvert (undergang?) (for å gå klar Laksen !?) og dessutan bygge ei eiga gs-bru ved Førdehuset. Plutseleg betyr ikkje pengar noko; «vi er villige til å legge inn dei pengane som trengst for å få dette til», vart det sagt av majoritetsleiarane. Men Førdepakken har dei pengane den har. Skal dei 1–200 mill. i meirkostnad her dekkast inn over kommunebudsjettet? Eller kva andre tiltak i Førdepakken skal no gå ut? Vedtaket er jo i realiteten ikkje alternativ 7, men noko heilt anna og mykje dyrare! På pelar, med kulvertundergang, mao. ei massiv køyrebane 5–6 m over terrenget, på utstillingsplassen, er dokke seriøse? Og Ove Farsund, som gjekk til val på ei sak, nemleg å stoppe brua, stemte imot nettopp forslaget frå SV/MGD om ikkje å bygge brua! I staden stiller han seg i spissen for å bygge ei bilbru med ei løysing som raserer heile det vakre og sårbare området omkring Laksen, det er ikkje til å tru! I realiteten er dette vedtaket eit vedtak om utsetting av heile prosessen. Det er uansvarleg! Og så sit ein igjen med ei dårleg trafikkløysing og at Laksen ryk og djupe sår i lokalsamfunnet. Og når SVV, med tid og stunder, får prisa denne bestillinga, inkl. ei eiga gs-bru frå Førdehuset, og vi snakkar då kanskje fort om 300 mill. eller meir, kva vil politikarane då gjere?

I same slengen er det freistande å utfordre AP/SP om dei går for heimebane-planane til idrettslaget, for det er jo det som ligg i botn her? Ligg det ei føring her, som ikkje akkurat er så kjekt å snakke om nett no?

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken